(I Don't Know Why) But I Do

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
(I Don't Know Why) But I Do
Singel av Clarence «Frogman» Henry
frå albumet You Always Hurt the One You Love
Utgjeve 1961
Sjanger R&B, swamp pop, country
Selskap Argo
Låtskrivar(ar) Paul Gayten/Robert Guidry
Clarence «Frogman» Henry-kronologi
«On Bended Knee» (1961) (I Don't Know Why) But I Do «You Always Hurt the One You Love»
(1961)


«(I Don't Know Why) But I Do» er ein R&B-song skriven av Paul Gayten og Bobby Charles (som Robert Guidry), og framført av Clarence «Frogman» Henry. Han vart den største hitten til Henry i USA og nådde fjerdeplassen på singellista tidleg i 1961. B-sida til singelen var «Just My Baby and Me».

Populærkulturen[endre | endre wikiteksten]

Songen vart populær att etter at ahn vart nytta i filmen Forrest Gump i 1994 og Mickey Blue Eyes i 1999.

Norske versjonar[endre | endre wikiteksten]

Steinar Fjeld har skrive ein norsk tekst og Viggo Sandvik har skrive ein norsk tekst på dialekt.[1] Fjeld-versjonen heiter «En sånn som deg», medan Sandvik-versjonen heiter «Je likte meg i sola».

Innspelingar[endre | endre wikiteksten]

År Songtittel Album Artist Tekstforfattar Platetype Platemerke og katalognummer
1975 «En sånn som deg» Septimusikk 1 Septimus Steinar Fjeld LP Talent TLS 3009
1988 «Je likte meg i sola»[2] Fisking i Valdres Vazelina Bilopphøggers Viggo Sandvik LP Slagerfabrikken/Opal SLP 99009

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Artist Liste Høgaste
plassering
Veker på lista Dato for listeplassering
Clarence «Frogman» Henry Flagget til Noreg VG-lista[3] # 3 10 (# 3 i 3 veker) 1961
Clarence «Frogman» Henry Det britiske flagget[4] # 3 19 6. mai 1961
Clarence «Frogman» Henry Det amerikanske flagget Billboard Hot 100-listen # 4 1961

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • "Billboard". Billboard Hot 100 airplay and sales charts.