(There's) Always Something There to Remind Me

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
(There's) Always Something There to Remind Me
Singel av Lou Johnson
B-side «Wouldn't That Be Something»
Utgjeve 1964
Sjanger Pop
Låtskrivar(ar) Burt Bacharach, Hal David
Lou Johnson-kronologi
«Reach Out for Me»
(1963)
(There's) Always Something There to Remind Me «Kentucky Bluebird (Message To Martha)»
(1964)


(There's) Always Something There to Remind Me
Singel av Sandie Shaw
B-side «Don't You Know»
Utgjeve 1964
Innspelt 1964
Sjanger Pop
Lengd 2:47
Selskap Pye, Reprise (US)
Låtskrivar(ar) Burt Bacharach, Hal David
Produsent Tony Hatch
Sandie Shaw-kronologi
«As Long As You're Happy Baby»
(1964)
(There's) Always Something There to Remind Me «I'd Be Far Better Off Without You»
(1964)


Always Something There to Remind Me
Singel av Naked Eyes
frå albumet Burning Bridges
B-side The Time Is Now
Utgjeve Januar 1983 (USA)
Innspelt September 1982
Sjanger New wave, synthpop
Lengd 3:18, 3:35 (7" & LP),
Selskap EMI, EMI America Records (Nord-Amerika)
Låtskrivar(ar) Burt Bacharach, Hal David
Produsent Tony Mansfield
Naked Eyes-kronologi
Always Something There to Remind Me «Voices In My Head»
(1983)


«(There's) Always Something There to Remind Me» er ein song skriven i 1960-åra av Burt Bacharach og Hal David.

Teksten[endre | endre wikiteksten]

Teksten vert sungen av ein mann som nettopp har gjort det slutt med kjærasten min og ønsker å gløyme ho. Men uansett kvar han går er det noko som minnar han om ho.

Versjonar[endre | endre wikiteksten]

Han vart opphavleg spelt inn som ein demo av Dionne Warwick i 1963, men den første versjonen som nådde singellista var Lou Johnson sin versjon, som nådde 49. plassen på Billboard Hot 100 sommaren 1964.[1]

Den britiske impresarioen Eve Taylor høyrde versjonen til Johnson då ho var på vitjing i USA for å finne songar til den nyoppdaga artisten hennar Sandie Shaw. Shaw spelte inn songen for den britiske marknaden og singelen kom ut i september 1964. Songen vart framført av Shaw første gongen på fjernsynsprogrammet Ready Steady Go!. Shaw-versjonen gjekk heilt til topps i Storbritannia og låg tre veker på toppen av singellista i november 1964. I USA nådde denne versjonen berre 52. plassen.[2] I Canada og Sør-Afrika gjekk singelen til Shaw heilt til topps.

Dionne Warwick spelte inn «(There's) Always Something There to Remind Me» den 14. april 1967 samstundes som ho spelte inn «The Windows of the World», og han vart gjeven ut i juli 1967 på albumet The Windows of the World. Warwick sin versjon kom ut på singel i august 1967 og nådde 65. plassen på singellista i USA.[3]

«(There's) Always Something There to Remind Me» – som «Always Something There to Remind Me» – gjekk inn på topp 40 i USA for første gongen i 1970 med ein versjon av R.B. Greaves. Han nådde 27. plassen i februar 1970. Songen vart spelt inn i Muscle Shoals Sound Studio i 1969, produsert av Ahmet Ertegun and Jackson Howe. Greaves-versjonen nådde tredjeplassen på Easy Listening-lista.[4]

Tjue år etter songen vart skriven nådde «Always Something There to Remind Me» topp 20 i USA i ein synthpop-versjon av Naked Eyes sommaren 1983.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Andre artistar som har spelt inn songen er mellom andre Viola Wills Braid, Lou Christie, José Feliciano, Wayne Fontana, The Four Seasons, the Hippos, Jay and the Americans, La Lupe, Brenda Lee, Peggy Lee, Martha and the Vandellas, Johnny Mathis, Ted Neeley, Don Williams, Blue Swede, Michael McDonald og Percy Faith.

Sandie Shaw spelte inn ein ny versjon av songen i 1985 for filmen Letter to Brezhnev.[5]

Lister (Sandie Shaw-versjonen)[endre | endre wikiteksten]

Liste (1964/1965) Plassering
UK[6] 1
Nederland[7] 10
Irland 7
Sør-Afrika 1
Canada 1
Australia 16
USA 52

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Lou Johnson's charting singles Henta 4. februar 2015.
  2. Sandie Shaw's charting singles Henta 4. februar 2015.
  3. Dionne Warwick's charting singles Henta 4. februar 2015.
  4. R. B. Greaves' charting singles Henta 4. februar 2015.
  5. Letter to Brezhnev, Original Soundspor Henta 4. februar 2015.
  6. Nielsen Business Media, Inc. (14. november 1964). Billboard. Billboard Magazine. s. 34. ISSN [1]. Henta 9. november 2013. 
  7. «Single Top 100 page for Always Something There To Remind Me». Henta 2013-09-11. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]