(They Long to Be) Close to You

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

«(They Long to Be) Close to You» er ein popsong skriven av Burt Bacharach og Hal David. Han vart først spelt inn av Richard Chamberlain og gjeven ut som singel i 1963 som «They Long to Be Close to You", utan parentes. Men det var andre sida av singelen, «Blue Guitar», som vart ein hit den gongen. Melodien vart òg spelt inn som ein demo av Dionne Warwick i 1963 og spelt inn på ny med eit arrangement av Burt Bacharach for albumet hennar Make Way for Dionne Warwick i 1964, og vart gjeven ut som B-sida til singelen hennar «Here I Am» i 1965. Bacharach gav ut sin eigen versjon i 1968. Men det vart versjonen av The Carpenters, som vart ein hit i 1970, som er mest kjend.

The Carpenters-versjonen[endre | endre wikiteksten]

(They Long to Be) Close to You
Singel av The Carpenters
frå albumet Close to You
B-side «I Kept on Lovin' You»
Utgjeve 15. mai 1970
Innspelt 1970
Lengd 4:33 (LP version)
3:40 (7" single)
Selskap A&M 1183
Låtskrivar(ar)
Produsent Jack Daugherty
The Carpenters-kronologi
«Ticket to Ride»
(1969)
(They Long to Be) Close to You «We've Only Just Begun»
(1970)


I 1970 vart songen gjeven ut av Karen og Richard Carpenter på albumet Close to You, og dette vart det store gjennombrotet deira. Songen låg på toppen av Billboard Hot 100 i fire veker. Songen var opphavleg gjeven til Herb Alpert som ein oppfølgjar til førsteplassen hans, «This Guy's in Love with You», ei annan Bacharach/David-song. Alpert likte ikkje så godt versjonen sin og la innspelinga på hylla. Alpert var på utkikk etter ein oppfølgjar til den første singelen til Carpenters, etter «Ticket to Ride» og valte å gje dei denne songen. Alpert sin versjon vart først gjeven ut i 2005. Richard og Alpert arbeidde i lag med songen og det ferdige produktet vart ein fire og halvt minuttar lang song. Då A&M Records, som Alpert eigde halvparten av, valte å gje ut songen på singel i mai 1970, vart det den største hitten for plateselskapet sidan Alpert sin eigen «This Guy's in Love with You» i 1968. Billboard rangerte han som den nest beste songen for 1970.[1]

Med «(They Long to Be) Close to You» fekk The Carpenters Grammy-prisen for beste innspeling av duo eller gruppe i 1971. Dette vart den første av tre Grammy-prisar dei fekk i karrieren sin.

Medverkande
Vekeslister
Liste (1970) Plassering
U.S. Billboard Hot 100 1
U.S. Billboard Easy Listening 1
Record World 1
Canadian Singles Chart 1
Oricon (Japanese) Singles Chart 71
Cash Box 1
UK Singles Chart 6

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Andre artistar som har spelt inn songen er mellom andre Dusty Springfield, Al Stroud, Diana Ross, Claudine Longet, Frank Sinatra, Isaac Hayes, Cilla Black, The Ladybirds, Jerry Butler og Brenda Lee Eager (nådde sjetteplassen på Billboard R&B-lista), Andy Williams, The Clams, Erroll Garner, B.T. Express (nådde 31. plassen på R&B-lista og vart eit år seinare framført på The Muppet Show av Connie Stevens med Kermit the Frog og Fozzie Bear), Ronnie Von, Circle Jerks, Gwen Guthrie (25. plassen i Storbritannia i 1986), The Cranberries, Karen Mok, Paul Daniels, Corrinne May, Paul Weller, Bobby Womack, Perry Como, Barenaked Ladies, Les Mouches, Jimmy Bo Horne, Ethyl Meatplow, Freya Lin, Rie fu, Rick Astley, Emil Chau, Johnny Mathis, Vincy Chan Tuck & Patti, , Vincy Chan, Tina Arena, Soledad Giménez, Faryl Smith, Harry Connick jr., The Smashing Pumpkins, Gerald Albright, Ronald Isley og Lauryn Hill

Songen vart sampla i 2004 av Janet Jackson på singelen «I Want You».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Billboard Year-End Hot 100 singles of 1970

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]