-ine

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå -ina)

Suffikset -ine er ein namnedel som kan danna kvinnenamn av manns- eller stadnamn. Det kan også brukast til å gjera kjælenamn av kvinnenamn. Endinga var svært produktiv på 1800-talet, og mange mannsnamn som var mykje brukt då finn me igjen som kvinnenamn med ine-form.

Stavinga kjem opphavleg frå gresk. Me finn henne til dømes i Hermine, frå gudenmnet Hermes. Ho vart mykje brukt i Frankrike og Tyskland, og spreidde seg derfrå til Danmark og vidare til Noreg. Sidan er mange former nesten døydd ut, medan nokre få ine-namn, som Kristine og Caroline, er blitt svært populære.

Bruken er nå gått kraftig ned i Noreg, men er framleis populær i dei tidlegare nemnde landa. Ine, som opphavleg var ei forkorting for slike namn, er derimot blitt eit populært fornamn i Noreg.

Den latinske forma av stavinga er -ina, som er mykje brukt i Italia og Storbritannia.

Ine-namn[endre | endre wikiteksten]