...Famous Last Words...

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
...Famous Last Words...
Studioalbum av Supertramp
Språk engelsk
Utgjeve 7. oktober 1982
Innspelt November 1981 til midten av 1982
Studio Unicorn i Nevada City i California
The Backyard i Encino i Los Angeles
Rumbo Recorders i Canoga Park i Los Angeles
Bill Schnee's Studios i North Hollywood i Los Angeles
Sjanger
Lengd 47:35
Selskap A&M
Produsent Peter Henderson, Russel Pope, Supertramp
Supertramp-kronologi 
Paris
(1980)
...Famous Last Words... Brother Where You Bound
(1985)


...Famous Last Words... er det sjuande studioalbumet til det engelske rockebandet Supertramp, utgjeve i oktober 1982. Det var oppfølgjaren til Breakfast in America frå 1979 og det siste albumet deira med vokalisten, klaverspelaren og gitaristen Roger Hodgson, som slutta i gruppa for å satse på ein solokarriere. Det vart dermed det siste albumet deira med den klassiske besetninga av bandet (Hodgson, Davies, Helliwell, Thomson og Siebenberg).

Albumet nådde femteplassen på Billboard Pop Albums-lista i USA i 1982[2] og selte til gullplate for over 500 000 selte eksemplar der.[3] Albumet nådde òg sjetteplassen i Storbritannia, der det òg selte til gullplate.[4] I Noreg nådde albumet andreplassen på VG-lista.[5]

Bakgrunn og innspeling[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om Rick Davies og Roger Hodgson i lang tid hadde skrive songar kvar for seg, hadde dei alltid kome fram til eit tema og ei felles retning for kvart album i lag. ...Famous Last Words... vart unntaket til denne regelen. Dei hadde budd i forskjellige delar av California i månadane før innspelinga og kome fram til kvar sin visjon for albumet. Hodgson ønskte å lage nok eit popalbum ala Breakfast in America, medan Davies hadde lyst å lage eit tungt, progressiv rock-album med ein ti minuttar lang song kalla «Brother Where You Bound» som midtpunkt.[6]

I følgje Bob Siebenberg: «Til slutt endra dei begge på eit vis formatet deira og korleis dei hadde sett for seg at albumet skulle bli. Det vart ein utvatna versjon av det det byrja som. Til slutt vart det verken eller.»[6] Bandet valde å utelate «Brother Where You Bound», sidan han var for «tung» ved sidan av popsongane til Hodgson.[6] Supertramp brukte «Brother Where You Bound» på det neste albumet deira, Brother Where You Bound (1985), men det hadde på det tidspunktet utvikla seg frå 10 til 16 minuttar.

Som vanleg var alle songane offisielt kreditert til Davies/Hodgson. Men i plateomslaget vart det ein fargekode som synte kven som hadde skrive kva. Solovokalisten på kvar song er den same som låtskrivaren: «Crazy», «It's Raining Again», «Know Who You Are», «C'est le bon» og «Don't Leave Me Now» var skrivne av Hodgson, og «Put on Your Old Brown Shoes», «Bonnie», «My Kind of Lady» og «Waiting So Long» var skrivne av Davies.

Albumet vart hovudsakleg spelt inn og miksa i heimen til Hodgson, Unicorn Studios i Nevada City i California, sidan han ikkje ønskte å forlate kona si og den då to år gamle dottera Heidi og den nyfødde sonen Andrew. Davies endte opp med å spele inn vokalen og klaverpartia sine i sitt heimestudio, The Backyard Studios, i Encino i California. Andre opptak vart gjort i Bill Schnee Recording Studios i Los Angeles.

Då albumet kom ut tolka mange tittelen og plateomslaget som eit dårleg skjult hint om at Supertramp var i ferd med å leggje inn årane.[6] I eit intervju i 2015 sa Hodgson at han og Davies valde tittelen fordi dei ikkje kom til å spele i lag igjen.[7] Han sa at han angra på at dei spelte inn albumet og kalla det «eit siste forsøk på å prøve å få ting til å skje» etter at gnisten hadde forsvunne frå bandet.[8] John Helliwell sa i 1986: «Me ønskte noko som var knytt til det me heldt på me, men som var gåtefullt på same tid. Me likte alltid å ha gåtefulle titlar som Crime of the Century ... Denne siste plata tenkte me kom til å gå kjapt. Me tenkte me skulle øve det inn og spele det inn kjapt, men det enda opp med å ta lenger tid enn noko tidlegare album me hadde spelt inn. Dei siste tre-fire platene vår hadde me sagt 'Me må vere godt førebudd'. Så tittelen kom òg av det. Eg kan ikkje hugse kven som kom på det først. Det grafiske designet kom direkte frå tittelen.»[6]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 stars[9]
Smash Hits8/10[10]
CreemUnfavourable[11]

Ei melding i Creem slakte albumet då det kom ut på grunn av det uavgjorte preget, og konkluderte med at «dette greiene er mildt sagt så inkjeseiande at Muzak-folka skal få litt av kvart å stri med».[11] AllMusic meinte at albumet var skreddarsydd for kommersiell suksess og hevda at gruppa generelt, og at særskild Roger Hodgson var for fiksert på å skape fleire hittar, og at resultatet var «romantisk tilbøyeleg poesi og klissete kjærleikssongar som erstatta den tekstmessige iveren som Supertramp hadde skapt tidlegare, og at den instrumentale dugleiken dei ein gong meistra hadde forsvunne.»[9]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songane er tilskrivne Rick Davies og Roger Hodgson. Under står det oppført dei eigentlege låtskrivarane, som òg er solosongaren på songane.

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Crazy»Roger Hodgson4:44
2.«Put On Your Old Brown Shoes»Rick Davies4:22
3.«It's Raining Again»Hodgson4:24
4.«Bonnie»Davies5:37
5.«Know Who You Are»Hodgson5:00
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«My Kind of Lady»Davies5:15
7.«C'est le bon»Hodgson5:32
8.«Waiting So Long»Davies6:35
9.«Don't Leave Me Now»Hodgson6:24

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Rick Davies – piano (spor 2, 4, 6, 8), Hammondorgel (spor 1, 7, 9), Wurlitzer elektrisk piano (spor 2), synthesizer (spor 3), solo- og korvokal, melodica (spor 3), munnspel (spor 2, 9)
  • Roger Hodgson – elektrisk gitar (spor 1, 2, 4, 6, 8, 9), 12-strengsgitar (spor 2, 5, 7), piano (spor 1, 3, 9), pumpeorgel (spor 1), solo- og korvokal
  • John Helliwellsaksofon (spor 1-3, 6, 8, 9), synthesizer (spor 1, 3, 4, 6, 8, 9), klarinett (spor 7, 8)
  • Dougie Thomsonbass (spor 1-4, 6-9)
  • Bob Siebenbergtrommer (spor 1-4, 6-9), perkusjon
    • Dette var det første Supertramp-albumer der Siebenberg var oppført med det verkelege namnet sitt. Tidlegare var han alltid blitt oppført som «Bob C. Benberg».

Andre medverkande

  • Claire Diament – korvokal på «Don't Leave Me Now»
  • Ann Wilson – korvokal på «Put On Your Old Brown Shoes» og «C'est le bon»
  • Nancy Wilson – korvokal på «Put On Your Old Brown Shoes» og «C'est le bon»

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

  • Produsentar: Peter Henderson, Russel Pope, Supertramp
  • Lydteknikar: Peter Henderson
  • Assisterande lydteknikar: Norman Hall
  • Mastering på originalutgåva: Doug Sax, Mike Reese
  • Mastering på 2002-utgåva: Greg Calbi, Jay Messina
  • Konsertlyd: Russel Pope
  • Teknikarar: Bud Wyatt, Ian «Biggles» Lloyd-Bisley
  • Strykearrangement: Richard Hewson
  • Kunstnarisk leiar: Mike Doud, Norman Moore
  • Design: Mike Doud, Norman Moore
  • Fotografi: Jules Bates, Tom Gibson

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste Plassering
Australske Kent Music Report[12] 2
Den austerrikske albumlista[13] 4
Kanadiske RPM-lista[14] 1
Den nederlandske albumlista[15] 1
Den franske SNEP-lista[16] 1
Den tyske Media Control-lista[17] 1
Den italienske albumlista[18] 5
Den japanske Oricon-lista[19] 40
Den newzealandske albumlista[20] 5
Noreg - VG-lista[5] 2
Den svenske albumlista[21] 5
UK Albums Chart[22] 6
US Billboard 200[2] 5

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1982) Plassering
Den australske albumlista[12] 56
Den kanadiske albumlista[23] 28
Den franske albumlista[24] 29
Liste (1983) Plassering
Den australske albumlista[12] 54
Den austerrikske albumlista[25] 19
Den kanadiske albumlista[26] 23
Den italienske albumlista[18] 20
US Billboard 200[27][treng kjelde] 54

Singles[endre | endre wikiteksten]

Billboard (USA) [2]

År Singel Liste Plassering
1982 «Crazy» Mainstream Rock 10
«Don't Leave Me Now» Mainstream Rock 32
«It's Raining Again» Adult Contemporary 5
Mainstream Rock 7
Pop Singles 11
«Waiting So Long» Mainstream Rock 30
1983 «My Kind of Lady» Adult Contemporary 16
Pop Singles 31

Salstrofé og salstal[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Canada (Music Canada)[28] Platina 100 000^
Frankrike (SNEP)[29] Platina 503,500[30] s
Tyskland (BVMI)[31] Platina 500 000^
Nederland (NVPI)[32] Gull 50 000^
Storbritannia (BPI)[33] Gull 100 000^
USA (RIAA)[34] Gull 500 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. AllMusic Arkivert 21. august 2013 ved Wayback Machine.
  2. 2,0 2,1 2,2 «allmusic ((( ...Famous Last Words... > Charts & Awards > Billboard Albums )))». allmusic.com. Henta 14. juni 2020. 
  3. «RIAA Gold and Platinum». RIAA.com. Henta 16. juni 2020. 
  4. Tsort. «Albums from the Year 1982». tsort.info. Henta 16. juni 2020. 
  5. 5,0 5,1 «norwegiancharts.com Supertramp – ...Famous Last Words...». Arkivert frå originalen (ASP) 8. mars 2014. Henta 14. juni 2020. 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 Melhuish, Martin (1986). The Supertramp Book. Toronto, Canada: Omnibus Press. s. 167–175. ISBN 978-0-9691272-2-2. 
  7. ROCK ANTENNE (16. juli 2015), Roger Hodgson: Will Supertramp reunite? - Wird es eine Supertramp Reunion geben?, henta 16. juni 2020 
  8. (2009). 30th Anniversary Breakfast in America Feature, In the Studio. Arkivert 8. februar 2014 ved Wayback Machine.
  9. 9,0 9,1 «AllMusic ((( ...Famous Last Words... > Review )))». Allmusic.com. Henta 16. juni 2020. 
  10. Dellar, Fred. «Albums». Smash Hits (25. november – 8. desember 1982). s. 35. 
  11. 11,0 11,1 Riegel, Richard (April 1983). «Supertramp: ...Famous Last Words... (A&M)». Creem. Henta 25. juli 2018 – via Rock's Backpages. 
  12. 12,0 12,1 12,2 Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 978-0-646-11917-5. 
  13. «Supertramp – ...Famous Last Words... – austriancharts.at». Arkivert frå originalen (ASP) 12. mars 2014. Henta 16. juni 2020. 
  14. «Top Albums/CDs – Volume 37, No. 17». RPM. 11. desember 1982. Arkivert frå originalen (PHP) 24. februar 2014. Henta 14. juni 2020. 
  15. «dutchcharts.nl Supertramp – ...Famous Last Words...». Hung Medien (på nederlandsk). MegaCharts. Arkivert frå originalen (ASP) 13. mars 2014. Henta 14. juni 2020. 
  16. «InfoDisc : Tous les Albums classés par Artiste > Choisir Un Artiste Dans la Liste» (på fransk). infodisc.fr. Arkivert frå originalen 6. mai 2013. Henta 14. juni 2020. Note: user must select 'Supertramp' from drop-down.
  17. «Album Search: Supertramp – ...Famous Last Words...» (på tysk). Media Control. Arkivert frå originalen (ASP) 2. april 2015. Henta 14. juni 2020. 
  18. 18,0 18,1 «Hit Parade Italia – Gli album più venduti del 1983» (på italiensk). hitparadeitalia.it. Arkivert frå originalen 29. desember 2012. Henta 9. juni 2011. 
  19. Oricon Album Chart Book: Complete Edition 1970–2005. Roppongi, Tokyo: Oricon Entertainment. 2006. ISBN 978-4-87131-077-2. 
  20. «charts.nz Supertramp – ...Famous Last Words...» (ASP). Hung Medien. Recording Industry Association of New Zealand. Henta 14. juni 2020. 
  21. «swedishcharts.com Supertramp – ...Famous Last Words...». Sverigetopplistan. Arkivert frå originalen (ASP) 26. februar 2014. Henta 14. juni 2020. 
  22. «Supertramp > Artists > Official Charts». UK Albums Chart. Henta 14. juni 2020. 
  23. «Top 100 Albums '82». RPM. 25. desember 1982. Arkivert frå originalen 29. desember 2012. Henta 9. juni 2013. 
  24. «Les Albums (CD) de 1982 par InfoDisc» (på fransk). infodisc.fr. Arkivert frå originalen (PHP) 29. desember 2012. Henta 1. februar 2014. 
  25. «Austriancharts.st – Jahreshitparade 1983» (på tysk). Hung Medien. Arkivert frå originalen 20. august 2013. Henta 1. juni 2010. 
  26. «RPM Top 100 Albums of 1983». RPM. 24. desember 1983. Arkivert frå originalen 20. august 2013. Henta 16. juni 2020. 
  27. «Billboard BIZ: Top Pop Albums of 1983». billboard.biz. Henta 29. april 2014. 
  28. «Canadian album salstrofé – Supertramp – Famous Last Words». Music Canada. Henta 11. juni 2020. 
  29. «French album salstrofé – Supertramp – Famous Last Words» (på fransk). InfoDisc. Henta 11. juni 2020.  Select SUPERTRAMP and click OK
  30. «Les Albums Platine». Infodisc.fr (på fransk). Arkivert frå originalen 25. desember 2013. Henta 11. juni 2020. 
  31. «Gold-/Platin-Datenbank (Supertramp; 'Famous Last Words')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie. Henta 11. juni 2020. 
  32. «Dutch album salstrofé – Supertramp – Famous Last Words» (på nederlandsk). Nederlandse Vereniging van Producenten en Importeurs van beeld- en geluidsdragers. Henta 1. juni 2010. 
  33. «British album salstrofé – Supertramp – Famous Last Words». British Phonographic Industry. Henta 11. juni 2020.  Enter Famous Last Words in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  34. «American album salstrofé – Supertramp – Famous Last Words». Recording Industry Association of America. Henta 11. juni 2020.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH