.38 Special

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

.38 Special er ein revolverpatron konstruert av Smith & Wesson. Dette kaliberet var standard tenestevåpenkaliber for dei fleste politidistrikta i USA frå 1920-talet til 1980-talet, og er standard tenestevåpenkaliber for stordelen av det norske politiet enno i dag.

Trass i namnet, er det faktiske kaliberet 0,357 tommar. Bortsett frå lengda er derfor .38 Special identisk med den kraftige kaliber .357 Magnum, som vart utvikla frå .38 Special i 1935. .38 Special kan derfor brukast i .357-revolverar, men ikkje andre vegen.

Kaliber .38 Special vart introdusert i 1902 som svar på at kaliber .38 Long Colt var funnen for veik som militært kaliber under den filippinsk-amerikanske krigen. .38 Special er av dei mest populære patronar i historia, og er enno eit hundreår etter han vart oppfunnen mykje bruka til sjølvforsvar, småviltjakt (med karabinar kamra for dette kaliberet) og blinkskyting.

Det finst au ein noko kraftigare .38 Special P+ som kan brukast i revolverar merkte P+, og sjølvsagt i .357-våpen.

Kaliber .38 Special er veikare enn kaliber 9 mm Parabellum, men erfaring syner at det er rimeleg effektivt til sjølvforsvarsføremål. Ein fordel med kaliberet er at det godt kan brukast i småe revolverar som lett kan berast diskret med sivile klede, til dømes av sivilkledd politi eller detektivar.

Kaliber .38 Special blir au kalla .38 Smith & Wesson Special og .38 S&W Special.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Engelskspråkleg wikipedia [1]