1+9+8+2

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
1982
Studioalbum av Status Quo
Språk engelsk
Utgjeve 16. april 1982
Innspelt Mountain Studios, Montreux, Sveits
Sjanger Rock
Lengd 39:01
Selskap Vertigo
Produsent Status Quo
Status Quo-kronologi 
Never Too Late
(1981)
1982 Live at the N.E.C.
(1982)


Singlar frå 1982
  1. «Dear John»
    Utgjeve: 19. mars 1982
  2. «She Don't Fool Me»
    Utgjeve: 4. juni 1982
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic2.5/5 stars[1]
Star Pulse2.5/5 stars[2]

1+9+8+2 (offisiell tittel[3], i andre kjelder 1982) er det 15. studioalbumet til det engelske rockebandet Status Quo, gjeve ut 16. april 1982.[4] Det var det første albumet deira med den nye trommeslagaren Pete Kircher, som nyleg hadde erstatta John Coghlan. Det var òg det første der klaverspelaren Andy Bown vart oppført som fullt medlem av bandet. På dei tidlegare utgjevingane deira var han berre oppført som gjestemusikar, sjølv om han hadde vore sterkt delaktig i bandet i fleire år.

Albumet kom ut kort tid før dei spelte ein konsert i National Exhibition Centre i Birmingham, føre prinsen av Wales, og merksemda som dette førte med seg hjelpte albumet til topps på albumlista i Storbritannia. Dette vart dermed den fjerde og siste listetoppen deira. Likevel fekk albumet lunken mottaking blant fansen. «Dear John» var den første singelen deira som ikkje var skriven av nokon i bandet og han nådde tiandeplassen på singellista i Storbritannia, medan «She Don't Fool Me» stoppa på 36. plassen.

1982 var 20-årsjubileet til første gongen bandmedlemmane Francis Rossi og Alan Lancaster spelte med kvarandre og summen av tala 1+9+8+2 er 20 (synt som romartala 'XX' under albumtittelen).

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«She Don't Fool Me»Rick Parfitt, Andy Bown4:36
2.«Young Pretender»Francis Rossi, Bernie Frost3:34
3.«Get Out and Walk»Parfitt, Bown3:13
4.«Jealousy»Rossi, Frost2:55
5.«I Love Rock and Roll»Alan Lancaster3:16
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«Resurrection»Bown, Parfitt3:49
7.«Dear John»John Gustafson, Jackie Macauley3:14
8.«Doesn't Matter»Rossi, Frost3:41
9.«I Want the World to Know»Lancaster, Keith Lamb3:23
10.«I Should Have Known»Rossi, Frost3:31
11.«Big Man»Lancaster, Mick Green3:45
Bonusspor frå 2005-utgåva
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
12.«Calling the Shots» (B-side til «Jealousy», utgjeve som singel i somme europeiske land)Parfitt, Bown4:53
13.«Hold You Back» (Konsertopptak frå N.E.C.)Rossi, Parfitt, Bob Young4:40
14.«Over the Edge» (Konsertopptak frå N.E.C.)Lancaster, Lamb4:20
  • Dei to konsertopptaka kom òg ut på albumet Live at the N.E.C., som kom ut seinare same året.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre medverkande
  • Bernie Frost – korvokal

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «1+9+8+2 Overview». Allmusic. Henta 9. oktober 2018. 
  2. «1+9+8+2 Overview». Star Pulse. Arkivert frå originalen den 6. juni 2011. Henta 9. oktober 2018. 
  3. Status Quo website 1+9+8+2), arkivert frå originalen 27. desember 2016, henta 10. oktober 2018 
  4. «none». NME (London, England: IPC Media). 10. april 1982. s. 38.