1. garde-stridsvognarmé frå Russland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå 1. stridsvognarmé)
1. garde-stridsvognarmé. Frå 1942 til 1944 var namnet, 1. stridsvognarmé

1. garde-stridsvognarmé (transkribert russisk 1. gvardejskaja tankovaja armija) er ei avdeling i den russiske hæren.

1. stridsvognarmé var namnet frå 1942 til 1944.

Første oppsetting[endre | endre wikiteksten]

1. stridsvognarmé frå Sovjetunionen vart sett opp i Stalingrad i juli 1942, men vart snart omringa og delvis øydelagt.  Han var då leia av generalmajor K.S. Moskalenko.

1. stridsvognarmé var ein sovjetisk formasjon som kjempa som ein del av Den raude armeen på austfronten under andre verdskrigen. Arméen vart leidd gjennom det meste av krigen av Mikhael Katukov. Han kjempa under slaget om Stalingrad og Operasjon Uranus, og deltok i slaget ved Kursk.

Andre oppsetting[endre | endre wikiteksten]

1. stridsvognarmé vart igjen sett opp den 30. januar 1943 under kommando av Mikhael Katukov, som var personleg oppnemnd av Stalin, og overført til Nordvestre front.

Namnet vart endra til 1. garde-stridsvognarmé (frå Sovjetunionen), den 25. april 1944.

Tredje oppsetting[endre | endre wikiteksten]

Etter krigen vart 1. stridsvognarmé tildelt Ordenen til Raude Fane og vart ein del av den sovjetiske okkupasjonsmakta i Tyskland, kjent som Gruppa av sovjetiske styrkar i Tyskland med hovudkvarter i Dresden. På slutten av 1980-talet vart hovudkvarteret trekt tilbake til Smolensk i Moskva militærdistrikt og oppløyst i 1998.

Reaktivering[endre | endre wikiteksten]

Etter ein 16-års pause, vart 1. garde-stridsvognarmé (frå Russland) sett opp att i Moskva-området, Vestre militærdistrikt i november 2014 . I denne oppsettinga har arméen to manøverdivisjonar (4. stridsvogndivisjon og 2. motoriserte infanteridivisjon).

1. garde-stridsvognarmé har hovudkvarter i Odintsovo i Moskva-området, med følgjande manøvereiningar på taktisk nivå:[1]

Militær kommando og kontroll
Manøverelement

Militær eldstøtteoperasjonelt nivå.

Anna stridsstøtte
Militær logistikk

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «1-я танковая армия (имела два формирования)», tankfront.ru, henta 9. mai 2019 
  2. 2,0 2,1 «milkavkaz.net», ww12.milkavkaz.net, arkivert frå originalen 9. mai 2019, henta 9. mai 2019 
  3. «1-я гвардейская танковая армия - это... Что такое 1-я гвардейская танковая армия?», Словари и энциклопедии на Академике (på russisk), henta 9. mai 2019 
  4. «1-я гвардейская танковая армия», structure.mil.ru, henta 9. mai 2019