Tusen og ei natt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå 1001 natt)
Arabisk manuskript av Tusen og ei natt frå Syria på 1300-talet.

Tusen og ei natt (كتاب ألف ليلة وليلة på arabisk eller هزار و یک شب på persisk) er ei samling av eventyr hovudsakleg frå det nære Austen. Historiene stammar frå mange ulike stader og tidsrom, og er bundne saman av fleire rammeforteljingar. Den viktigaste av desse byrjar og rundar av samlinga, og handlar om den nygifte vesirdottera Sjeherazad som held ektemannen, kong Sjeheriar, frå å avretta henne ved å fortelja han stadig nye soger.

Det finst ingen definitiv opphavsversjon av Tusen og ei natt, men fleire utgåver tidfester den første samlinga til 800- eller 900-talet. Forteljingane i samlinga kan sporast tilbake til Arabia, India, Persia, Egypt, Syria, og har trekk frå mesopotamisk mytologi og arabiske folkeeventyr frå kalifattida. Samlinga blei kjend i Europa på 1800-talet, og fleire av dei mest kjende eventyra — Aladdin, Sindbad sjøfararen, Ali Baba og dei 40 røvarane — blei lagde til då.

Viktige forteljingar[endre | endre wikiteksten]

Sjeherazad fortelja stadig nye soger. Jean-Joseph Benjamin-Constant (1845–1902)

Rammeforteljinga om Sjeherazad og Sjeheriar[endre | endre wikiteksten]

Historia startar med at den persiske Sjeheriar, som er konge på ei ikkje namngjeven øy mellom India og Kina, er so sjokkert over utruskapen til kona at han drep ho. Han går ut frå at alle andre kvinner også vil vere utru, og gjev ordre til vesiren om å skaffe seg ei ny brur kvar natt. Etter å ha vore med henne gjennom natta, vert ho avretta ved daggry. Dette fortset heilt til dottera til vesiren, Sjeherazad, går med på å bli den neste kona til Sjeheriar. Ho har lagt ein plan, og kvar natt etter bryllaupet fortel ho han historier. Ho sørgjer for at kvar morgon er kongen spent på korleis det går vidare, og derfor utset han avrettinga slik at han skal få høyre fortsetjinga. Til slutt har ho født han tre søner og kongen er overtydd om at ho er trufast. Han set difor til side ordren om avretting.

Utgåver[endre | endre wikiteksten]

Persisk illustrasjon til Tusen og ei natt frå 1800-talet.

Den eldste Tusen og ei natt-samlinga er nokre handskrivne sider på arabisk frå 800-talet i Syria. Dei blei oppdaga av Nabia Abbott i 1948.

Den første europeiske omsetjinga blei gjort av Antoine Galland i 1704, til fransk. Gallard la til sogene om Aladdin og Ali Baba, som han skreiv han hadde høyrt frå forteljaren «Hanna» i Aleppo.

Den engelske omsetjinga av Richard Burton frå 1885, som kom ut i den puritanske viktoriatida, gjorde samlinga svært berykta med sine direkte skildringar av seksualitet, inkludert homofili.

Forteljingane kom ut på norsk i eit seksbandsverk av Waldemar Brøgger i 1950.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Jansen, Herman Ludin (3. mai 2019). «Tusen og én natt». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
Spire Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.