10 Years

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

«10 Years» (norsk omsetjing ti år) er ein elektropopsong frå 2021 av den islandske songaren Daði Freyr Pétursson og bandet hans Gagnamagnið. Songen vart gjeven ut 13. mars 2021 og var det islandske bidraget i Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland, der han ende på fjerdeplass.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Daði og Gagnamagnið skulle ha representert Island i Eurovision Song Contest 2020 med låten «Think About Things», men tevlinga vart avlyst på grunn av koronaviruspandemien. I staden vedtok den islandske kringkastaren RÚV at Daði og Gagnamagnið skulle få representere Island i tevlinga i 2021.[1]

Tittelen på songen vart avslørt i februar 2021, mens låten vart gjeven ut 13. mars 2021.[2][3]

Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

Den 65. utgåva av Eurovision Song Contest fann stad i Rotterdam i Nederland i mai 2021. Island deltok som nummer åtte i den andre semifinalen i Rotterdam Ahoy torsdag 20. mai.[4] Dagen før semifinalen vart det kjend at ein av bandmedlemmane hadde testa positivt for covid-19. Bandet vart difor sett i karantene og fekk ikkje opptre live under semifinalen. I staden vart det vist eit opptak frå den andre prøva til bandet 15. mai.[5] Saman med Australia var Island det einaste landet som ikkje opptredde live i tevlinga.

Låten hamna på andreplass i semifinalen med 288 poeng og kvalifiserte seg dimed til finalen laurdag 22. mai.[6] Der opptredde Island som nummer 12, også denne gongen vart det vist opptak av prøva til bandet.[7] Til slutt enda songen på fjerdeplass med 378 poeng, den beste plasseringa til Island i Eurovision Song Contest sidan 2009.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Daði og Gagnamagnið return for Iceland». Eurovision.tv (på engelsk). 23. oktober 2020. Henta 28. februar 2021. 
  2. «Eurovision-lag Íslands komið með nafn». RÚV (på islandsk). 24. februar 2021. Henta 28. februar 2021. 
  3. Farren, Neil (27. januar 2021). «🇮🇸 Iceland: Eurovision 2021 Entry to Be Revealed on March 13». Eurovoix (på engelsk). Henta 28. februar 2021. 
  4. «2020 Semi-Final line-up to stay for 2021». Eurovision.tv (på engelsk). 19. november 2020. Henta 28. februar 2021. 
  5. «Covid upsets Iceland's Eurovision journey». BBC News (på engelsk). Henta 22. mai 2021. 
  6. «Eurovision 2021 Semi-final 2 Results». Eurovisionworld. Henta 22. mai 2021. 
  7. «Grand Final of Rotterdam 2021». Eurovision.tv (på engelsk). Henta 22. mai 2021.