Hopp til innhald

11:11

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«11:11»
Song av Megara

Land San Marino, Spania
Språk Spansk
Utgjeve 15. februar 2024
Sjanger Electro-rock[1]
Lengd 03:00
Selskap Indica
Låtskrivar(ar) Roberto la Lueta Ruiz, Sara Jiménez Moral
Produsent Isra Dante Ramos Solomando

«11:11» (spansk uttale [ˈonθe j ˈonθe]) er ein song som blir framført av den spanske rockegruppa Megara. I februar 2024 vann låten den sanmarinske songtevlinga Una Voce per San Marino 2024 og var det sanmarinske bidraget til Eurovision Song Contest 2024 i Malmö.

«11:11» er skriven og produsert Roberto la Lueta Ruiz, Sara Jiménez Moral og Isra Dante Ramos Solomando.[2] Songen var blant bidraga i songtevlinga Una Voce per San Marino 2024, i regi av den sanmarinske ålmennkringkastaren San Marino RTV.[3][4] Songen var opphavleg meint til å delta i den spanske songtevlinga Benidorm Fest 2024, men blei ikkje vald ut til å delta.[5]

«11:11» vann finalen av Una Voce per San Marino 2024 24. februar 2024 og blei det sanmarinske bidraget i Eurovision Song Contest 2024.[6][7] Låten blei gjeven ut 15. februar 2024.

«11:11» deltok i den andre semifinalen torsdag 9. mai 2024. Der enda han på 14.-plass av 16 bidrag og kvalifiserte seg ikkje til finalen laurdag 11. mai.[8]

  1. ↑ Savage, Mark (5. mai 2024). «Eurovision2024: Your guide to all 37 songs». BBC. Henta 11. mai 2024.
  2. ↑ Helgeson, Justina (24. februar 2024). «San Marino: Megara to Eurovision 2024 with "11:11"». Eurovision World. Arkivert frå originalen den 25. februar 2024. Henta 26. februar 2024.
  3. ↑ «Convocazioni Semifinali - Una Voce per San Marino» (på italiensk). 17. februar 2023. Arkivert frå originalen den 24. februar 2024. Henta 24. februar 2024.
  4. ↑ Granger, Anthony (30. januar 2024). «SanMarino: 129 Una Voce per San Marino 2024 Semi-Finalists Announced». Eurovoix. Henta 30. januar 2024.
  5. ↑ Adell, Daniel (15. februar 2024). «Megara publica 11:11, la canción que presentaron al Benidorm Fest y con la que compiten en Una Voce Per San Marino». eurovision-spain.com (på spansk). Henta 25. februar 2024.
  6. ↑ «'11:11' won - Megara will represent San Marino in Malmö». eurovision.tv (på engelsk). 25. februar 2024. Henta 25. februar 2024.
  7. ↑ «Una voce per San Marino, Bertè arriva seconda. All'Eurovision gli spagnoli Megara». La Gazzetta dello Sport (på italiensk). 25. februar 2024. Henta 25. februar 2024.
  8. ↑ «SecondSemi-Final of Malmö 2024». Eurovision.tv (på britisk engelsk). Henta 14. mai 2024.