17-11-70

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
17-11-70
Konsertalbum av Elton John
Språk engelsk
Utgjeve 9. april 1971
Innspelt 17. november 1970 i A&R Recording Studios i New York, NY for ei direkte radiosending på WABC-FM (seinare WPLJ)
Sjanger Rock
Lengd 48:25
Selskap Uni (USA)
DJM (Storbritannia)
Produsent Gus Dudgeon
Elton John-kronologi 
Friends
(1971)
17-11-70 Madman Across the Water
(1971)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3.5/5 stars[1]
Rolling Stone(ikkje oppgjeve)[2]

17-11-70 (amerikansk tittel 11-17-70) er eit konsertalbum av Elton John, gjeven ut i 1971. Innspelinga vart gjort for ei direkte radiosending den 17. november 1970, som har gjeve namn til albumet. Den amerikanske tittelen vart endra til 11-17-70 som er det standard datoformatet i USA. Innspelinga var opphavleg populært på piratkopiplater i følgje Gus Dudgeon, noko som fekk plateselskapet til å gje ut innspelinga som eit album.[3]

Albumet selde ikkje så veldig godt, og det vart sagt at ei av piratkopiplatene tok ein del av dette salet, men det kan òg ha vore at marknaden var metta med Elton John-plater på denne tida. John hadde i løpet av kort tid gjeve ut to studioalbum (Elton John og Tumbleweed Connection) og eit filmmusikkalbum (Friends). Likevel vart albumet det fjerde av fire Elton John-album som låg inne på Topp 100 i USA samstundes, noko som var første gong nokon klarte etter The Beatles.

I følgje programleiaren Dave Herman, som ein kan høyre i byrjinga av albumet, kutta Elton John handa si under framføringa og mot slutten av showet var klaveret hans dekt av blod.

John og bandet hans framførte 13 songar under radiosendinga. Det opphavlege albumet hadde med seks songar. Ein sjuande song, «Amoreena», vart gjeven ut som eit bonusspor på 1996-utgåva av albumet. Dei andre seks songane vart først gjevne ut på ei spesialutgåve på Record Store Day i 2017 med resten av songane: «I Need You to Turn To», «Your Song», «Country Comfort», «Border Song», «Indian Sunset» og «My Father's Gun».

John har sagt i fleire intervju at han meiner denne innspelinga er den beste konserten hans. Det er òg eit døme på korleis konsertbandet til John høyrdest ut før gitarist Davey Johnstone, kom med som fast medlem i bandet hans.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Bernie Taupin og Elton John, bortsett frå der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Take Me to the Pilot» 6:43
2.«Honky Tonk Women»Mick Jagger, Keith Richards4:09
3.«Sixty Years On» 8:05
4.«Can I Put You On» 6:38
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
5.«Bad Side of the Moon» 4:30
6.«Medley» («Burn Down the Mission», «My Baby Left Me» og «Get Back»)John, Taupin, Arthur Crudup, John Lennon, Paul McCartney18:20

1995/1996-utgåva[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLengd
1.«Bad Side of the Moon»4:57
2.«Amoreena»4:54
3.«Take Me to the Pilot»5:55
4.«Sixty Years On»7:22
5.«Honky Tonk Women»4:07
6.«Can I Put You On»6:10
7.«Medley»18:27

2-LP-utgåva frå Record Store Day i 2017[endre | endre wikiteksten]

Record Store Day i 2017 kom ei spesialutgåve av albumet ut med dei seks attverande songane frå konserten, i tillegg til «Amoreena» (som var på CD-utgåva frå 1996).

Sporliste på dei to første sidene var den same som en originale utgåva frå 1970.

Side tre
Nr.TittelLengd
1.«Indian Sunset» 
2.«Amoreena» 
3.«Your Song» 
Side fire
Nr.TittelLengd
1.«Country Comfort» 
2.«I Need You to Turn To» 
3.«Border Song» 
4.«My Father's Gun» 

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Produksjon

  • Gus Dudgeon – produsent, notat i omslaget
  • Phil Ramone – lydteknikar
  • David Hentschel – reduksjon (miks) (US LP)
  • Clive Franks – reduksjon (miks) (UK LP)
  • Matt Howe – reduksjon (miks) (Rocket-utgåva)
  • Steve Brown – koordinering
  • Joe Disabato – koordinering
  • David Larkham – design, fotografi
  • John Tobler – notat i omslaget
  • Dave Herman – seremonimeister

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Album

År Liste Plassering
1971 UK Album Charts 20
1971 Billboard US Pop Albums 11
1971 Canadian RPM 100 Album Chart 10[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Erlewine, Stephen Thomas. 17-11-70Allmusic. Henta 9. september 2011.
  2. [1] Arkivert 27. februar 2009 ved Wayback Machine.
  3. «Gus Dudgeon». Mixonline.com. 1. oktober 2002. Arkivert frå originalen 20. august 2011. Henta 26. oktober 2011. 
  4. Library and Archives Canada. http://www.collectionscanada.gc.ca/rpm/028020-119.01-e.php?brws_s=1&file_num=nlc008388.5359&type=1&interval=24&PHPSESSID=8flu94hkg8nkt74latvtu6ttc6