17. mai 1940

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå 17 mai 1940)
Nordahl Grieg

«17. mai 1940» er eit nasjonalpatriotisk dikt skrive av Nordahl Grieg i maidagane 1940. Det er betre kjend som «I dag står flaggstangen naken…» etter første linje i diktet.

Diktet blei kjend då Grieg sjølv las det opp over radio ved NRK sin radiostasjon i Tromsø på nasjonaldagen i 1940. Tromsø radio var då den einaste frie radiostasjonen i Noreg, medan resten var under Noreg under andre verdskrigentysk kontroll. Diktet fekk stor haldningsskapande tyding sommaren 1940.[treng kjelde]

Diktet blei skrive i lugaren på ei av fiskeskøytene som frakta store delar av Norges Bank sitt gull frå Oslo via Åndalsnes og Frøya til Tromsø.[1][2]

«17. mai 1940» blei trykka i diktsamlinga Friheten, som første gong kom ut i Reykjavík i 1943.[3] Diktet blei omsett til engelsk av professor Henrietta Koren Naeseth ved Augustana College, og fekk på engelsk tittelen We Shall Come Again.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. froyaframtid.no: Frøya inn i framtida Arkivert 2011-06-19 ved Wayback Machine.
  2. Øksendal, Asbjørn (1974). Gulltransporten 9. april 1940. Aschehoug. ISBN 82-03-06336-5. 
  3. Grieg, Nordahl (1943). «Friheten». Helgafjell. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]