Elúl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå 18. elúl)

Elúl (hebraisk אֱלוּל [ĕlúl]) er den sjette månaden i det jødiske året og varar i 29 eller 30 dagar frå nymåne i august eller tidleg september. Månaden elúl har ikkje nokon helgedag, men i løpet av elúl seier ein selihót — anten frå andre dagen i månaden (sefardisk jødedom) eller frå utgangen av siste sjabbát føre rosj hasjaná (askenasisk jødedom).

Det er elles éin merkedag i elúl:

  • 25. elúl: Merkedag for verdas skaping.