1812-ouverturen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
1812-ouverturen
1812-ouverturen framført av United States Army Band
Sjangerpatriotisk musikk
MusikkPjotr Tsjajkovskij
Premiere20. august 1882
1812-ouverturen framført av nederlandske Concertgebouw i 1951.

Året 1812 høgtideleg ouverture, Op. 49, vanlegvis kjend som 1812-ouverturen eller berre 1812,[1] er ein konsertouverture i Ess-dur skriven i 1880 av den russiske komponisten Pjotr Iljitsj Tsjajkovskij til minne om det vellukka russiske forsvaret av landet under invasjonen til Napoleon sin Grande Armée i 1812. Den mislukka invasjonen og den katastrofeprega tilbaketrekkinga til den franske hæren markerte eit vendepunkt i Napoleonskrigane.

Verket vart fyrst framført i Moskva den 20. august 1882 (juliansk dato 8. august).[2] Han vart dirigert av Ippolit Al'tani i eit telt i nærleiken av den nesten ferdigbygde Frelsaren Kristus-katedralen, som også vart reist til minne om forsvaret av Russland i 1812.[3]

Ouverturen er rundt 15 minutt lang. Han er eit døme på programmusikk, musikk som er komponert for å få fram stemningar og scener hjå dei som høyrer på. Stykket er best kjent for klimakset sitt med kanoneld, ringande klokker og ei fanfareending med messingblåseinstrument. Verket er vorte vanleg å framføra saman med større fyrverkeri-oppvisingar i samband med den amerikanske sjølvstendedagen. 1812-ouverturen er vorten eit av dei mest populære verka til Tsjajkovskij, i lag med ballettmusikken hans til Nøtteknekkaren, Tornerose og Svanesjøen.[4]

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Historisk bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Måleri av Napoleon ved slaget ved Borodino, av Carle Vernet.
Måleri som viser dei franske troppane som trekk seg ut frå Russland i 1812, av Illarion Prjanisjnikov (1874)

7. september 1812 møtte franske styrkar under Napoleon dei til russiske general Mikhail Kutuzov ved Borodino, 12 mil vest for Moskva. Dette var eit innbiten forsøk frå russarane til å stå imot den tydelegvis uovervinnelege franske hæren. Fleire titusen liv gjekk tapt i slaget ved Borodino, og den franske hæren gjekk sigrande ut. Dette viste seg likevel å vera ein pyrrhossiger for den franske invasjonen.[5]

Styrkane til Napoleon hadde få ressursar og brotne forsyningsliner. Då dei gjekk inn i og okkuperte Moskva, vart dei ikkje mottekne av ein delegasjon som tilbaud kapitulasjon frå tsar Aleksander I. I staden fann dei franske troppane ein aude og forlaten by. 48 timar etter at hæren til Napoleon gjekk inn i den russiske hovudstaden var tre fjerdedelar av han vortne brende til grunnen, kanskje som del av ein brend jord-taktikk.[6]

Utan vinterforsyningar vart Napoleon nøydd til å trekka seg tilbake. Frå 19. oktober og godt inn i desember gjekk den franske hæren fleire store hinder på den lange tilbaketrekkinga si: Svolt, tyfus, sterk kulde, åtak frå kosakkar og andre russiske styrkar. Hæren vart forlaten av Napoleon i november, og var vorten redusert til ein tidel av den opphavlege storleiken sin då han nådde Polen og relativ tryggleik.[7]

I 1869 kom den fullstendige utgåva av Krig og fred av Lev Tolstoj ut. Romanen gav ei svært nøyaktig skildring av Napoleon sin invasjon i 1812, og vekte minner om den russiske motstanden. Dette førte til bestillingar på nye monument, måleri og også nye musikalske komposisjonar kring emnet, som den til Tsjajkovskij.

Bestilling[endre | endre wikiteksten]

Frelsar Kristus-katedralen i Moskva vart bestilt i 1812 av tsar Aleksander I til minne om den russiske sigeren. Kyrkjebygget var nært ved å stå ferdig i 1880; 25-årsjubileet for kroninga av Aleksander II skulle feirast i 1881; og Den all-russiske kunst- og industriutstillinga i Moskva i 1882 var på planleggingsstadiet. Ein venn og mentor av komponisten, Nikolaj Rubinstein, føreslo at Tsjajkovskij burde skriva eit mektig minneverk som kunne brukast til dei ulike feiringane. Tsjajkovskij byrja arbeidet med stykket 12. oktober 1880, og hadde det ferdig seks veker seinare.[8]

Organisatorane planla å få stykket framført på plassen framfor katedralen, med eit brassband til å forsterka orkesteret og kyrkjeklokkene i katedralen og alle andre kyrkjer sentralt i Moskva til å spela zvon (klokkekiming) på same tidspunkt—medan kanonar skulle avfyrast ved hjelp av ein elektrisk bryta for å oppnå presisjonen stykket kravde. Nett denne framstillinga fann ikkje stad, kanskje fordi planen var for ambisiøs. I alle høve førte drapet på Aleksander II i mars det året til at mykje av prosjektet vart forkasta. I 1882 vart ouverturen framført under Den all-russiske kunst- og industriutstillinga i eit telt like ved den uferdige katedralen.[9] Kyrkjebygget stod endeleg ferdig 26. mai 1883.[10]

Tsjajkovskij klaga sjølv til støttespelaren sin Nadezjda von Meck at han ikkje var «... ein dirigent av festivalverk,» og at ouverturen ville vera «...svært høg og bråkete, men [utan] kunstnarisk meritt, fordi eg skreiv det utan varme og utan kjærleik.» Dette verket kom likevel til å gjera familien til Tsjajkovskij svært velståande, ettersom det vart eit av dei mest framførte og innspelte verka hans.[11][12][13]

Musikken[endre | endre wikiteksten]

Musikkstykket opnar med lågmælte tonar av russisk kyrkjesong. Songen skal minna om krigserklæringa som vart proklamert i samband med gudstenester i Russland. Etterpå kjem ein song som bed om russisk framgang i krigen. Kunngjeringa vert òg skildra i bokverket Krig og fred av Leo Tolstoj.

Deretter kjem det eit tema som står for marsjerande armear, spela av valthorn. Den franske nasjonalsongen «La Marseillaise» er fletta inn,[14] og viser til dei franske sigrane i krigen, og til innmarsjen i Moskva i september 1812. Det russiske folkemusikktemaet feirar slaget som slo Napoleon attende. Retretten frå Moskva seint i oktober 1812 er reflektert med at musikken vert lettare. Avfyringa av ein kanon viser til dei militære framgangane mot den franske grensa. Mot slutten av krigen kjem ein attende til kyrkjesongen. Denne gongen med fullt orkester med tilhøyrande klokkeklang for å feira sigeren, og at ein unngjekk fransk okkupasjon. I lag med kanonen og marsjtemaet høyrer ein den russiske nasjonalsongen «Gud verne tsaren». Den russiske nasjonalsongen er eit motstykke til den franske ein høyrde tidlegare.

Kanonskotet er vanlegvis attgjeve med ei basstromme. Kanonskot har vorte nytta ved nokre høve, og vart først spela inn av Minneapolis Symphony Orchestra på 1950-talet. Etterfylgjande opptak har vorte gjort ettersom opptaksteknikken har betra seg. Kanonskot er nytta årleg i 4. juli-feiringar i Boston, med framføring av 1812-ouverturen på ei elvebreidd.

I Sovjetunionen måtte Tsjajkovskij sin musikk omgjerast om han skulle spelast. Melodien til «Gud signe Tsaren» vart erstatta med koret 'Ære, ære, heilage Rus'! (Славься, славься, святая Русь!) frå finalen frå operaen Ivan Susanin (opphavleg Livet for tsaren) av Mikhail Glinka. Operaen er eit historisk drama om ein patriotisk alminneleg mann, Ivan Susanin. Då Sovjetunionen vart oppløyst tok ein i bruk den opphavlege melodien att.[15]

Instrumentering[endre | endre wikiteksten]

1812-ouverturen med kanonskot ved Washington-monumentet i 2008.

1812-ouverturen er orkestrert for følgjande instrument:[16]

Carillonet vert nokre gonger erstatta av røyrklokker, opptak av carillon eller av kyrkjeklokker. I delane som inneheld kanonskot kan ein erstatta verkelege kanonar med opptak eller spelt på anna sceneutstyr, vanlegvis med ein stor treklubbe eller sleggje som i Mahlers 6. symfoni. Basstromme og gongong/tam-tam vert også ofte brukt i staden for eller i tillegg til kanonar i framføringar innandørs.

I opptaket sitt for Deutsche Grammophon frå 1966 brukte Herbert von Karajan stemmer i staden for strykeinstrument i dei fyrste 02'43" (eller 36 taktane) ved byrjinga av stykket og den påfølgjande dialogen mellom strykarar og treblåsarar. Han la til den russisk-ortodokse cantus planus-teksten til 'Gud signe ditt folk' til melodien, og arrangerte teksturen noko slik at han passe a capella-stemmer i staden for instrument. Den amerikanske dirigenten Igor Buketoff, som var son av ein russisk-ortodoks prest, gjekk eit steg vidare på si innspeling frå 1960 for RCA Victrola med New Philharmonia Orchestra med kor attåt orkesteret.[17] Opninga vart sungen i staden for å verta spela av celloar og fiolinar. Eit barnekor kom i tillegg til fløyte og engelsk horn. I tillegg til å bruka stemmer til opningsdelen, nytta han også eit barnekor til å synga folkesongen 'Ved portane', og let koret utfylla messingblåsarane og den tsar-russiske nasjonalsongen 'Gud verne tsaren!'.[18]

Struktur[endre | endre wikiteksten]


\relative c' {
\key ges \major \time 4/4 
bes''8-. \p bes16( ces bes8-.) as( ges) ges-. as( es)
ges-. ges-. es4-> ges8( f16 ges as8-.) es-.
bes'4->( es,8) es-. es( ges) f-. es-.
bes'4->(\< es,8) es-. es( ges) f-. es-.\!
bes'-.(_\markup{\italic{poco più}\dynamic f} bes-. bes-. bes-.) bes-> des16( bes as8-.) f(
ges) ges-. es4-> ges8( f16 ges as8-.) es-.
bes'4->( es,8) es-. es( ges) f-. es-.
bes'4->( es,8) es-. es16(\> f) ges-. ges-. f( es) des-. ces-.\!
}
«U Vorot, Vorot» er ein folkesong som vert teken opp i stykket og representerer det russiske folket

Stykket byrjar med ein enkel, sorgfull russisk melodi frå det ortodokse Troparion av den heilage krossen (også kjend som 'Herre, spar ditt folk'), spelt av fire celloar og to bratsjar.[19] Dette representer det russiske folket som ber om ei snarleg avslutting på invasjonen. Deretter følgjer den franske nasjonalsongen «La Marseillaise», som representerer den franske invasjonshæren.[20] Så kan ein høyra melodien til Marseillaisen som tevlar mot russiske folketonar, noko som representerer dei to hærane som kjempar mot kvarandre medan dei franske styrkane nærmar seg Moskva. Fem kanonskot som representerer slaget ved Borodino kan høyrast. Samstundes er Marseillaisen på sitt sterkaste, og verkar som å vera den vinnande parten. Etter dette representerer ei lang nedgåande rekkje at dei franske styrkane trekkjer seg ut frå Moskva medan dei kalde vintervindane storma. Mot slutten av dette kjem hymnen som stykket byrja med opp att. Dette kan tolkast som at bønene vart svarte på. Den store finalen kulminerer med elleve kanonskot og melodien til «Gud verne tsaren!».[21]

Tema[endre | endre wikiteksten]


{
\clef bass \key c \minor \time 3/4
\set Score.tempoHideNote = ##t
\tempo 4 = 60
r4 r4 \clef tenor <bes es'>8-.( <bes es'>-.) \mf
<d' f'>4(\< <es' g'>)\! <bes es'>8-.( <bes es'>-.)
<d' f'>8(\< <es' g'>) <es' as'>-.( <es' as'>-.) <es' as'>4\!~
<es' as'>2.\>
<es' g'>8-.( \mf <es' g'>-. <es' g'>-. <es' g'>-.) <es' g'>4~
<es' g'>\< <es' g'> <es' g'>
<d' f'>4.\f <d' f'>8-.( <d' f'>8-. <d' f'>8-.)
<es' g'>2 <c' es'>4 \mf
<d' f'>(\< <es' g'>) <bes es'>\!
<d' f'>8\<( <es' g'>) <es' as'>-.( <es' as'>-. <es' as'>-. <es' as'>-.\!)
<es' as'>-.(_\markup{\italic{cresc.}} <es' as'>-. <es' as'>-. <es' as'>-.\!) <es' as'>-.( <es' as'>-.
<es' as'>-. <es' as'>-.\!) <es' as'> <es' g'> <es' as'>4~
<es' as'>2.
}

«Herre, spar ditt folk» representer bøner om frelse frå den invaderande hæren. Ein del av denne hymnen kan omsetjast til 'gjev siger til alle ortodokse kristne over fiendane deira.'[22] Ved å ta med denne hymnen i stykket, hintar Tsjajkovskij om at Gud sjølv gav dei ortodokse russarane siger over dei franske styrkane. Seinare i stykket, der La Marseillaise vert spelt, verker det som om russarane vil tapa krigen. Så vert «Herre, spar ditt folk» og «Gud frelse tsaren!» spelt med styrke av messingblåseinstrumenta i lag med sterk klokkeklang i bakgrunnen. Dei ringande klokkene er skrivne for å representera klokkene i Moskva.[23] Kyrkjeklokkene har særskild tyding, fordi i russisk-ortodoks kristendom symboliserer dei røysta til Gud.[24]

Anakronismar i dei nasjonale motiva[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om Marseillaisen var vorten vald som fransk nasjonalsong i 1795, vart songen bannlyst av Napoleon i 1805, og ville ikkje ha vorten nytta under felttoget i Russland. Songen vart fyrst teken i bruk att som fransk nasjonalsong i 1879, året før Tsjajkovskij skreiv verket sitt, noko som kan forklarar kvifor han brukte det i ouverturen.[25] «Veillons au salut de l'Empire» hadde vore den uoffisielle nasjonalsongen under Napoleon.

«Gud verne tsaren!» var vorten russisk nasjonalsong på Tsjajkovskij si tid, men var ikkje skriven i 1812. Det fanst ikkje nokon offisiell russisk nasjonalsong før 1815, då tok ein i bruk Molitva russkikh, 'Bøna til russarane', sungen til same melodi som God Save the King, eller den norske Kongesongen. Denne songen var i bruk fram til 1833.

Framføringar[endre | endre wikiteksten]

1812-ouverturen med tilhøyrande kanonskot vart framført på 2005 Classical Spectacular i Melbourne.
Moderne kanonar avfyrte av 7th (Parachute) Regiment Royal Horse Artillery brukte til ei framføring av stykket ved Colchester Military festival 2009.

Ved konsertopptredenar gjer omsyn til tryggleik og presisjon for avfyringa av skota at ein anten må ha veltrente militære som fyrer av moderne kanonar, eller at ein brukar seksten eldre munningsladevåpen. Færre kanonar av denne typen gjer det umogleg å oppnå seksten presise skot i perioden på to minutt i stykket.[26]

Som kjenslevekkande patriotisk hymne har Ouverturen seinare vorten teken i bruk og knytt til andre kontekstar enn den russiske motstanden mot invasjonen til Napoleon. Sjølv om 1812-ouverturen ikkje har tilknyting til 1812-krigen mellom USA og Storbritannia, vert stykket ofte framført i USA i lag med anna patriotisk musikk. Det vert ofte òg framført i lag med fyrverkerioppskytingar.

1812-ouverturen er utbreidd i USA som del av markeringa av den amerikanske sjølvstendedagen,[27] ein tradisjon som går tilbake til 1974 då Arthur Fiedler framførte han på 4. juli ved Boston Pops.[28][29] I amerikansk samanheng er det også vanleg å assosiera han med 1812-krigen mellom USA og Storbritannia, sjølv om verket ikkje har noko med denne krigen å gjera.[30]

Opptak[endre | endre wikiteksten]

Den eldste kjende orkesterinnspelinga av stykket, utan skot og utan perkusjon bortsett frå klokker, vart laga av Royal Albert Hall Orchestra dirigert av Landon Ronald, og gjeven ut av His Master's Voice på tre 12-tommes 78-rpm-sider i 1916.[31] Ei innspeling av Royal Opera Orchestra frå omtrent same tid har heller ingen skot.[32]

Antal Doráti si innspeling frå 1954 på Mercury Records med Minneapolis Symphony Orchestra, som dels vart spelt inn ved West Point og bruker Yale Memorial Carillon i New Haven i Connecticut, bruker ein munnladingskanon frå Frankrike under Napoleon som vert dubba inn 16 gonger som skrive. På den fyrste utgåva av innspelinga var Ouverturen på ei side og eit narrativ av Deems Taylor om korleis ein fekk til effektane med kanonane og klokkene på den andre sida. Seinare utgåver hadde denne kommentaren etter framføringa på side 1 og Capriccio Italien på side 2. 5. april 1958 vart det spelt inn ein stereofonisk versjon som nytta klokkene på Laura Spelman Rockefeller Memorial Carillon ved Riverside Church i New York. Denne Mercury Living Presence Stereo-innspelinga hadde også ein kommentar av Deems Taylor, og 1812-ouverturen vart presentert saman med Capriccio Italien. Seinare utgåver hadde 1812-ouverturen saman med Dorati si innspeling av Beethoven sitt Wellingtons Sieg, som vart spelt av London Symphony Orchestra og brukte ein verkeleg kanon.[33]

Kenneth Alwyn si tidlege stereoinnspeling for Decca brukte eit opptak av nedsakta rifleeld i staden for kanoneld. Robert Sharples og London Festival Orchestra gav ut eit opptak i 1963 som seinare vart remastra i kvadrofoni av Decca.

Black Dyke Band har spelt inn ein messingblåsarversjon av stykket. Deira innspeling for albumet Symphonic Brass inneheld kanonskot som opphavleg skrive i stykket.[34]

Berlinfilharmonien dirigert av Herbert von Karajan, og Donkosakkoret Serge Jaroff spelte inn stykket i 1967 for Deutsche Grammophon.[35]

I 1971 gav CBS ut ei innspeling[36] med Philadelphia Orchestra dirigert av Eugene Ormandy, der også Mormon Tabernacle Choir, Valley Forge Military Academy band og ekte artilleriskot var med. Den britiske rocketrommaren Cozy Powell sampla ouverturen på slutten av sporet «Over The Top» på sitt studioalbum med same namn frå 1979. Den fyrste digitale innspelinga fann stad i 1979 då Telarc spelte inn Cincinnati Symphony Orchestra. Høgdefinisjons kanonskot frå kanonar frå 1800-talet i full storleik vart også spelte inn. I tillegg til å bli den bestseljande plata til Telarc og etablera dei som eit selskap, vart plata snart ein utbreidd og kjend metode for å testa hifi audioutstyr. Berre dei beste og mest fininnstilte system gjorde at kanonskota vart spelte skikkeleg (plata inneheldt ein merknad til brukarane om å ikkje øydeleggja audioutstyret sitt med han).[37][38][39] I 1989 gav The Swingle Singers ut ein a cappella-versjon av ouverturen på eit album med tittelen 1812.[40]

I 1990, under ei verdsomspennande feiring av 150-årsjubileet for fødselen til Tsjajkovskij, vart Ouverturen spelt inn i oppvekstbyen hans av St. Petersburg-filharmonien med 16 munnladde kanonar avfyrt live som oppgjeve i notane frå 1880. Denne innspelinga vart gjort innan høyrehald til komponisten si grav. Festivalen vart sendt på fjernsyn i USA for fyrste gong 9. mars 1991.[41][42]

Texas-gruppa The Invincible Czars gav ut ein rockeversjon av 1812-ouverturen i samband med tohundreårsjubileet for slaget ved Borodino i september 2012.[43] Bandet hadde allereie spelt sitt arrangement av stykket på den 20. årlege klassiske musikkfestivalen OK Mozart i Bartlesville i Oklahoma, saman med profesjonelle orkestermusikarar, i juni 2009, komplett med fyrverkeri til finalen.[44]

I annan kultur[endre | endre wikiteksten]

Stykket vart parodiert av komponisten Malcolm Arnold i A Grand, Grand Overture som tek i brukt 4 rifler, tre Hoover-støvsugarar (to opprette i B-moll og ein horisontal med avtakbar sugar i C), og ein elektrisk golvbonar i E-moll; stykket er dedisert til president Hoover.[45]

Ouverturen er tydeleg både i opnings- og avsluttingsscenene i filmen V for Vendetta.[46]

Melodien til Dan Fogelberg sin topp ti-hitt «Same Old Lang Syne» byggjer på dei distinkte motiva som representerer russiske styrkar i stykket.[47]

Riffet til The Move sin hitsingel «Night of Fear» frå 1966 vart omforma frå 1812-ouverturen.[48]

Det kanadiske progressive rock-bandet Rush nytta det kjende messingblåsartemaet frå 1812-ouverturen i suiten 2112 frå albumet med same namn. I tillegg til å vera med i eit stykke med ein liknande tittel, er temaet til Tsjajkovskij del av fyrste seksjon av suiten, som sjølv har tittelen «Overture». Ein kan også høyra kanonskot ved slutten av Rush sin «Overture».[49]

I «The Disappearance of Mr Davenheim» (episode 5, serie 2 av den britiske dramaserien Agatha Christie's Poirot, skjuler kanonelden i stykket lyden av eit innbrot i ein safe.[50]

Ein forkorta versjon av stykket vert brukt som sjanti i Xbox One-spelet Sea of Thieves. Han kan spelast av spelaren med eit av dei fire spelbare instrumenta i spelet.

Den engelske slapstick-komikaren Charlie Drake framførte ein del av ouverturen i ein kort film for fjernsyn, med seg sjølv i rolla som dirigent og alle musikarane. Denne vann Gullrosa ved Montreux-festivalen i 1967.[51]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Tchaikovsky Research : The Year 1812, Op. 49 (TH 49)». Henta 21. juni 2015. 
  2. Lax, Roger; Smith, Frederick (1989). The Great Song Thesaurus. Oxford: Oxford University Press. s. 230. ISBN 978-0-19-505408-8. 
  3. Felsenfeld, Daniel. Tchaikovsky: A Listener's Guide, s. 54. Amadeus Press, 2006.
  4. Robinson, Harlow (2012). Rzhevsky, Nicholas, red. The Cambridge Companion to Modern Russian Culture. Cambridge University Press. s. 268. ISBN 978-1-107-00252-4. 
  5. «Battle of Borodino». Encyclopædia Britannica. 2010. Arkivert frå originalen 21. januar 2010. Henta 6. januar 2010. 
  6. Riehn, Richard (1990). 1812 : Napoleon's Russian campaign. New York: McGraw-Hill. s. 285. ISBN 9780070527317. 
  7. Zamoyski, Adam (2004). Moscow 1812: Napoleon's Fatal March. London: Harper Collins. ISBN 0-00-712375-2. 
  8. Russell, Peter (2018). Delphi Masterworks of Pyotr Ilyich Tchaikovsky (Illustrated) (på engelsk). Delphi Classics. ISBN 978-1-78656-123-7. 
  9. Felsenfeld, Daniel. Tchaikovsky: A Listener's Guide, s. 54. Amadeus Press, 2006.
  10. «Cathedral of Christ the Saviour: History». Arkivert frå originalen 15. mai 2011. Henta 26. september 2010. 
  11. «Official website of the Cathedral of Christ the Saviour». Cathedral of Christ the Saviour. Arkivert frå originalen 1. april 2015. Henta 10. januar 2010. 
  12. «Cathedral of Christ the Savior in Moscow: A Russian Allegory». Henta 10. januar 2010. 
  13. «Churches Around the World Archive». Henta 10. januar 2010. 
  14. Oversikt over ouverturens oppbygging. Punkt 5, side 2. Arkivert 16. februar 2008 på Wayback Machine.
  15. Russian national anthem "God Save the Tsar" in Tchaikovsky's music Arkivert 10. juli 2006 ved Wayback Machine.
  16. Tchaikovsky, Piotr Ilyich (1996). 1812 overture: Marche slave, and ; Francesca da Rimini. Courier Dover Publications. ISBN 0-486-29069-7. Henta 29. desember 2009. 
  17. Sergei Rachmaninov sin versjon av 1812-ouverturen Arkivert 4. desember 2008 på Wayback Machine.
  18. «Tchaikovsky's 1812 Overture: the complete guide by Geoffrey Norris». Gramophone. Henta 26 December 2020. 
  19. «Lord Save Thy People and the 1812 Overture». orthodoxwoman (på engelsk). 14. september 2012. Henta 18. juni 2018. 
  20. In Napoleon's time, the Marseillaise was not the national anthem of France, but audiences were more familiar with La Marseillaise, so that is what Tchaikovsky wrote
  21. Green, Aaron (30. januar 2018). «The History of Tchaikovsky's 1812 Overture». ThoughtCo. Henta 13 April 2018. 
  22. Micholic, Peter (13 May 2014). «Aftershocks of 1812: Nationalism and Censorship in Tchaikovsky's 1812 Overture». Adventures in Music History and Literature at St. Olaf. Arkivert frå originalen 28 December 2017. Henta 12 December 2014. 
  23. Starmer, W. W. (1 October 1916). «The Great Bell of Moscow». The Musical Times 57 (884): 441–442. JSTOR 910209. doi:10.2307/910209. 
  24. Batuman, Elif (27. april 2009). «The Bells». The New Yorker 85 (11): 22–29. 
  25. Ross, Stewart (2002). The French Revolution Events and outcomes. Evans Brothers, s. 69. ISBN 0-237-52292-6.
  26. Mordden, Ethan (1986). A guide to orchestral music: the handbook for non-musicians (Reprint, illustrated utg.). Oxford University Press US. ISBN 978-0-19-504041-8. 
  27. Druckenbrod, Andrew. «How a rousing Russian tune took over our July 4th». Post-Gazette. Henta 4. juli 2015. 
  28. Evans, Everett (29 June 2012). «How did the '1812 Overture,' become a Fourth tradition?». Hearst Newspapers. 
  29. Linder, Matthew. «Independence Day Staple, the "1812 Overture" is a Story of God's Sovereignty Over Human History». Christ and Pop Culture. Henta 4. juli 2015. 
  30. «Sounds Historic», artsedge.kennedy-center.org, henta 6. desember 2021 
  31. "Landon Ronald" at damians78s.co.uk Arkivert 5 November 2012 ved Wayback Machine.
  32. Smith, Alfred Emanuel (1927). «New Outlook-Volume 145». Outlook Publishing Company, Inc. s. 24. Henta 17. januar 2010. 
  33. Kozinn, Allan (24 September 2009). «Wilma Cozart Fine, Classical Music Record Producer, Dies at 82». The New York Times. Henta 17. januar 2010. 
  34. «Symphonic Brass». Naxos.com. Henta 19 August 2017. 
  35. «Peter Tchaikovsky*, Don Cossack Choir Serge Jaroff*, Berlin Philharmonic Orchestra*, Herbert von Karajan – Overture 1812 • Marche Slave • Romeo And Juliet» (på engelsk). discogs. Henta 26 September 2017. 
  36. «Eugene Ormandy, Philadelphia Orchestra*, Mormon Tabernacle Choir, Valley Forge Military Academy Band – Tchaikovsky: 1812 Overture». discogs. Henta 15 August 2016. 
  37. Woods, Robert (5 October 2018). «Bob Woods on Tchaikovsky's 1812 Overture and the History of Telarc» – via YouTube. 
  38. Margaret Graham, J. Gordon Holt (29. august 2017). «Recording of October 1979: The Telarc 1812 Overture». Stereophile. Arkivert frå originalen 29 October 2019. 
  39. Erich Kunzel, (Cincinnati Symphony Orchestra conductor). «Tchaikovsky 1812 Overture LP 180g Vinyl Cincinnati Symphony Orchestra Erich Kunzel Telarc Records USA». Vinylgourmet. Henta 30 October 2019. 
  40. «1812 – The Swingle Singers». AllMusic. 
  41. Americans Do Tchaikovsky in Russia by Daniel Cariaga
  42. Review/Television; Soviet Concert Honors a Favorite Son By James R. Oestreich
  43. Napoleon's 1812 Bicentennial Indoor Picnic Arkivert 27. september 2013 ved Wayback Machine.
  44. OKMozart! Arkivert 7. august 2012 ved Wayback Machine.
  45. «Malcolm Arnold – A Life in Symphonies». 23 September 2016. 
  46. «SoundtrackINFO: V for Vendetta Soundtrack». soundtrackinfo.com. Henta 15 August 2015. 
  47. Fogelberg, Jean. «FAQs». danfogelberg (på engelsk). Henta 26 September 2020. 
  48. «Night of Fear – The Move | Song Info» (på engelsk). AllMusic. Henta 3 November 2019. 
  49. «Rush's '2112' – Discover the Sample Source» (på engelsk). WhoSampled. Henta 29 June 2020. 
  50. «Poirot (Classic): S02E06 'The Disappearance of Mr. Davenheim'». The Avocado. 24. mai 2019. Henta 20 August 2020. 
  51. «Charlie Drake». 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: 1812-ouverturen