1860 München

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lagsmerke

Turn- und Sportverein München von 1860 e.V. er eit idrettslag heimehøyrande i bydelen Giesing i München i Tyskland. Laget, opphavleg ei rein turnforeining, vart skipa 17.mai 1860. I 2018 har 1860 München nærare 22 500 medlemer.

1860 München er aktivt med i basketball, boksing, bowling, bryting, fotball, friidrett, rulleskeiser, skiidrett, sykling, tennis, turn og i ulike vassbaserte idrettsgreiner.

Fotballaget til 1860 München vann den vesttyske cupfinalen 1964 og spelte i 1965 finale i cupvinnarcupen, ein kamp som enda med tap 0-2 mot West Ham United. Lagets største triumf på fotballbana kom då det lukkast gå til toppås i Bundesliga 1966. Sidan siste nedrykk frå bundesligaen i 2004 har 1860 München spelt i tysk 2. liga, sesongen 2017/18 i bayersk regionalliga. Frå 2005 har laget spelt heimekampane på nybygde Allianz Arena. 1860 München spelar i lyseblå-/kvitstripete trøyer og svarte bukser og strømper.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]