1944 av Jamala

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«1944»
Song av Jamala
Land Ukraina
Språk Engelsk og krimtatarisk
Utgjeve 27. februar 2021
Sjanger Klagesong, elektropop, folk
Lengd 03:00
Selskap Enjoy
Tekstforfattar Dzjamala
Låtskrivar(ar) Susana Dzjamaladinova og Art Antonyan

«1944» er ein song skriven og framført av den ukrainske songaren Jamala. Songen representerte Ukraina og vann Eurovision Song Contest 2016 med 534 poeng, den høgaste poengsummen i tevlinga til då.[1][2] Ein musikkvideo til songen vart sloppen 21. september 2016.[3]

Bakgrunnen for teksta[endre | endre wikiteksten]

Teksta til «1944» tek for seg deportasjonen av tatarar frå Krim1940-talet, befalt av Josef Stalin, som hevda tatarane samarbeidde med nazistane.[4] Jamala var særleg inspirert av historia til si eiga oldemor, som var i 20-åra då ho og dei fem borna hennar vart deporterte til Sentral-Asia. Eitt av borna døydde under reisa austover.[5][6][7][8] Oldefaren var bortreist som soldat i Den raude hæren og kunne dimed ikkje verna familien sin.[7]

Songen til Jamala vart særleg aktuell sidan han vart laga og lansert kort tid etter den russiske anneksjonen av Krimhalvøya. Mange av krimtatarane anerkjenner ikkje den russiske annekteringa.[9]

Refrenget i songen vert sunge på krimtatarsk og hentar ord frå ein lokal folkesong kalla «Ey, güzel Qırım». Jamala høyrde oldemora synge songen, og den handlar om ei tapt ungdomstid som ikkje kunne haldast til i heimlandet.[10] Blant instrumenta som vert brukt i songen er ein duduk. Jamala syng også songen delvis på mugham, ein særeigen vokalstil i regionen.[11]

Vegen mot Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

Jamala framfører «1944» under ei av prøvene i Stockholm i 2016.

Jamala vann den ukrainske finalen vinteren 2016 og vart dimed Ukrainas representant til Eurovision Song Contest 2016 i Stockholm.

I eit intervju med radiokanalen Radio Free Europe i februar 2016 uttala Jamala at songen minna ho om hennar eigen familie som framleis lever på Krim. Ho sa vidare at etter den russiske annekteringa av Krim i 2014 bur «krimtatarane no i eit okkupert område».[12][13] Teksta til songen omhandlar likevel ikkje anneksjonen i 2014.[14] Enkelte russiske politikarar og dei russiske myndigheitene på Krim skulda likevel ukrainske myndigheiter for å bruke songen til «å fornærme Russland».[8][15] I mars 2016 uttala Den europeiske kringkastingsunionenTwitter at korkje tittelen på songen eller tekst var å rekne for som politisk – og dimed i samsvar med tevlingsreglane.[16]

Sigeren og etterspelet[endre | endre wikiteksten]

Jamala under pressekonfereansen etter finalen av Eurovision Song Contest i 2016.

«1944» deltok i den andre semifinalen torsdag 12. mai som nummer 14, etter Danmark og før Noreg. I semifinalen kom Jamala på andreplass, bak australske Dami Im med «Sound of Silence», og Ukraina kvalifiserte seg dimed til finalen laurdag 14. mai.

I finalen deltok Jamala som nummer 21 av 26, etter Latvia og før Malta. Etter at juryavrøystinga var over, låg Jamala på andreplass, bak Australia. Russland var nummer fem. Etter juryavrøystinga vart telefonrøystene offentleggjorde. Her vart Australia nummer fire, og til slutt stod det mellom Ukraina og Russland. I den nervepirrande avslutningen tok Ukraina sigeren, sjølv om Russland hadde fått flest poeng frå tv-sjåarane i Europa. Ukraina vart nummer to i telefonavrøystinga, men fekk flest poeng samanlagt av juryane og telefonrøystene.[17] Dette var den andre sigeren til Ukraina i Eurovision Song Contest.

Etter sigeren meinte fleire russiske medium at sigeren både var «provoserande og politisk», og også utanlandske og norske medium meinte tevlinga hadde mista uskylda då «1944» vann.[18][19][20] Sigeren førte til at Ukraina fekk arrangere Eurovision Song Contest i 2017.

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Liste (2016) Høgaste
plassering
 Austerrike (Ö3 Austria Top 40)[21] 54
 Belgia, Flandern (Ultratip)[22] 13
 Finland (Suomen virallinen lista)[23] 64
 Frankrike (SNEP)[21] 49
 Ungarn (Single Top 40)[24] 40
 Russland (TopHit)[25] 135
 Spania (PROMUSICAE)[21] 32
 Sverige (Sverigetopplistan)[21] 46
 Sveits (Schweizer Hitparade)[21] 73
 Ukraina (FDR)[26] 2
Liste (2022) Høgaste
plassering
 Litauen (AGATA)[27] 8

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Omelyanchuk, Olena (21. februar 2016). «Jamala will represent Ukraine in Stockholm!». eurovision.tv. Den europeiske kringkastingsunion. Henta 21. februar 2016. 
  2. «Ukraine wins 2016 Eurovision Song Contest». Eurovision Song Contest. Henta 14. mai 2016. 
  3. https://www.youtube.com/watch?v=wNECV2h-y58
  4. Veselova, Viktoria; Melnykova, Oleksandra (11. februar 2016). «Crimean singer in line to represent Ukraine at Eurovision». theguardian.com. The Guardian. Henta 11. februar 2016. 
  5. Savage, Mark (22. februar 2016). «Eurovision: Ukraine's entry aimed at Russia». BBC News. Henta 23. februar 2016. 
  6. «Jamala entered Eurovision-2016 national selection». QHA.com.ua. 26. januar 2016. Arkivert frå originalen 3. mars 2016. Henta 23. februar 2016. 
  7. 7,0 7,1 «Jamala leads after the first semifinal of the National Selection to the Eurovision 2016». The Day. 9. februar 2016. Henta 23. februar 2016. 
  8. 8,0 8,1 Russia MPs slam Ukraine's choice of Crimean Tatar for Eurovision Arkivert 2016-03-02 ved Wayback Machine., Yahoo News (Besøkt 23. februar 2016)
  9. «A Eurovision win provides symbolic victory over Russian repression». The Economist. 28. mai 2016. Henta 28. mai 2016. 
  10. Halpin, Chris (8. februar 2016). «1994 Lyrics – Jamala (Ukraine, Eurovision 2016)». Wiwibloggs. Henta 23. februar 2016. 
  11. «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 20. mars 2016. Henta 22. mars 2016. 
  12. Veselova og Melnykova, Viktoria og Oleksandra (8. februar 2016). «Crimean Tatar Singer Hopes To Take People's Tragedy To Eurovision». Radio Free Europe. 
  13. Gutterman, Steve. «Putin signs Crimea treaty, will not seize other Ukraine regions». Reuters.com. Arkivert frå originalen 24. september 2015. Henta 26. mars 2014. 
  14. Ukraine picks Crimean Tatar for Eurovision Arkivert 2016-03-03 ved Wayback Machine., Times Union (21. februar 2014)
    Eurovision: Ukraine's entry aimed at Russia, BBC News (22. februar 2016)
  15. In State Duma they want Jamal not to be allowed in Eurovision, Ukrayinska Pravda (Besøkt 22. februar 2016)
  16. «The Ref. Group concluded that the title & lyrics of the song don't contain political speech and don't breach @Eurovision Rules.». Den europeiske kringkastingsunionen. 9. mars 2016. Henta 9. mars 2016. 
  17. Talseth, Thomas (15. mai 2016). «Eurovision Song Contest: Ukraina vant på målstreken». VG Nett. 
  18. Stephens, Heidi (15. mai 2016). «Eurovision 2016: Ukraine's Jamala wins with politically charged 1944». The Guardian. 
  19. Graatrud, Gabrielle (15. mai 2016). «Russerne raser etter at Ukraina vant med politisk sang». Dagbladet.no. 
  20. Østbø, Stein (15. mai 2016). «Eurovision mistet uskylden med Ukraina». VG Nett. 
  21. 21,0 21,1 21,2 21,3 21,4 «Jamala – 1944». austriancharts.at. Henta 13. januar 2017. 
  22. «Jamala – 1944». ultratop.be. Henta 13. januar 2017. 
  23. «Jamala 1944». ifpi.fi. Henta 13. januar 2017. 
  24. «2016/20. heti Single (track) Top 40 lista». Hivatalos magyar slágerlisták. Henta 13. januar 2017. 
  25. «Jamala – 1944 (på russisk)». TopHit.ru. Henta 13. januar 2017. 
  26. «Ukrainsk topp 40». FDR COM UA (charts). Henta 23. mai 2016. 
  27. «2022 9-os savaitės klausomiausi (Top 100)» (på litauisk). AGATA. 4. mars 2022. Henta 4. mars 2022.