1994-dataspelet Donkey Kong

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Donkey Kong
Utviklar(ar)Nintendo
Utgjevar(ar)Nintendo
Kreativt ansvarleg(e)Masayuki Kameyama
Takao Shimizu
Produsent(ar)Shigeru Miyamoto
Komponist(ar)Taisuke Araki
Basert på1981-dataspelet Donkey Kong
SerieDonkey Kong
Plattform(er)Game Boy
UtgjevingJP: 14. juni 1994
NA: 22. juli 1994
EU: 24. september 1994
SjangerPlattform, hjernetrim
SpelemodusEinspelar
Nettstadhttp://www.nintendo.co.jp/n02/dmg/qda/index.html
Del av serien Donkey Kong⠀

Donkey Kong er eit plattformspel som er utvikla og utgjeve av Nintendo til Game Boy. Det vart utgjeve internasjonalt i 1994 og er laust basert på dataspelet frå 1981 med same tittel og oppfølgjaren Donkey Kong Jr. Spelet var kjent under arbeidstittelen Donkey Kong '94 før utgjevinga.[1]

I Donkey Kong tek spelaren kontrollen som Mario og må redde Pauline frå Donkey Kong som har kidnappa henne. Spelet har fleire spelemekanikkar henta frå 1981-dataspelet Donkey Kong, Donkey Kong Jr. og Super Mario Bros. 2. Donkey Kong Jr. gjer ein gjesteopptreden i spelet i nokre av nivåa, der han hjelper Donkey Kong med å hindre Mario i å komme vidare. Donkey Kong var det første Game Boy-spelet som var utvikla med støtte for Super Game Boy, som gjev spelet fargegrafikk og betre lyd. I 2011 vart Donkey Kong gjeve ut til Nintendo 3DS gjennom Virtual Console.[2]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Donkey Kong Review». Nintendo Life. Henta 5. juni 2018. 
  2. «Donkey Kong Review». IGN. Henta 5. juni 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]