2. bergkompani i Den norske brigaden i Skottland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.

2. bergkompani i Den norske brigaden i Skottland vart til i august 1940 som del av den norske brigaden i Skottland og forlagt til Dumfries. Då hadde kompaniet neminga 2. geværkompani, men var svært lett oppsett etter kvart tilpassa strid i fjellende og fekk nemninga 2. bergkompani.

Middag i Kirkenes i juli 1945. Sovjetiske troppar var gruppert i Aust-Finnmark frå oktober 1944 til 25. september 1945. Bak frå høgre oberst Åre Dagfin Dahl, kronprins Olav og øvstkommanderande for sovjetiske styrkar i Aust-Finnmark generalløytnant Sherbakov.

I oktober 1944 vart 208 mann frå 2. bergkompani sendt til Murmansk for attachering til 114. infanteridivisjon i Sovjetunionen. Forsvarets Overkommando hadde ynskt å senda ein større styrke, men transport av dei norske soldatane og deira utstyr vart ikkje prioritert av dei allierte. Etter ein del diplomatiske forviklingar vart det semje om å senda ein "symbolsk styrke" på 230, som på grunn av kapasitetsproblem seinare vart redusert til 208. Kompaniet var ikkje øva eller hadde utrustning til vinterkrig, og det var ikkje plass i kryssaren HMS Berwick til transportmidler eller proviant, korkje til seg sjølve eller ein hardt prøva folkesetnad i Finnmark. Kryssaren fekk ekskorte frå flåtebasen i Scapa Flow, som var samasett av eit hangarskip og seks jagarar. To store passasjerskip med frigjevne russiske krigsfangar var òg med denne konvoyen. Konvoyen heldt seg langt unna norskekysten, og gjekk heilt nord til Bjørnøya, men vart likevel angripen fleire ganger av tyske ubåtar og fly. Kryssaren kom fram til Murmansk den 6. november 1944 utan køyretøy og hestar, og 3 dagar seinare, vart kompaniet transportert til Petsjenga med eit sovjetisk skip, og vidare på sovjetiske lastebilar til Kirkenes. Mellom den 9. til 11. november kryssa dei norske soldatane grensa inn i Sør-Varanger og vart forlagt til Kirkenes. Thor Heyerdahl deltok i denne styrken og han hadde mellom anna som oppgåve å setja opp radiosamband med London.[1]. Soldatane var nok dårleg førebudde på oppgåva, for dei kom snøgt i konflikt med lokalfolkesetnaden, som hadde jobba for tyskerane, og nokre jenter hadde òg skaffa seg tyske kjærestar. I sinne over dette, gjekk nokre av soldatane laus på "tyskertausene", og skamklippte dei. Sjølv om kompanisjef Arne D. Dahl fekk sett stoppar for slik åtferd, skapte dette varige mein mellom lokale folk og soldatar frå 2. bergkompani i Sør-Varanger.

Den 24. november vart bergkompaniet sendt til fronten. Deira oppdrag var å rekognosera mot dei tyske styrkane som var under tilbaketrekning, ta fangar og forhøyra desse samt angripa den tyske baktroppen. Kompaniet opererte i tida november – februar uavhengig og spreitt over eit stort område, under arktiske tilhøve og i stadig kontakt med fienden. Dei mista fire mann.

Den 6. februar 1945 vart 2. bergkompani i Finnmark de-attachert frå dei Sovjetiske styrkane og overførd til Distriktskommando Finnmark under oberst Åre Dagfin Dahl. Dei vart no forsterka med 1300 mann frå dei norske politityrkane i Sverige og norske kompani som var sett opp i dei frigjorde områda. Ein ny bataljon vart sett opp, beståande av mannskap frå 2. bergkompani, 1. og 2. rikspolitikompani, 2. kompani av Varanger bataljon og frivillige frå Alta bataljon.

Bergkompaniet var den einaste norske regulære hærstyrken som deltok i frigjeringa av landet frå okkupanten.[2] Den27. oktober 1945, bare nokre daga før dei varte endeleg dimitterte, paraderte 2. bergkompani føre kronprins Olav på Slottsplassen i Oslo.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Heyerdahl, Thor og Christopher Ralling: Thor Heyerdahl.
  2. Det glemte kompani. 2.


Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]