2000-dataspelet Flåklypa Grand Prix

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Flåklypa Grand Prix
Utviklar(ar)Capricornus
Caprino Video Games
Utgjevar(ar)CVG Distribusjon AS
Kreativt ansvarleg(e)Mario Caprino
Remo Caprino
ForfattarKjell Aukrust
Ivo Caprino
Basert påFlåklypa Grand Prix
Plattform(er)Microsoft Windows
UtgjevingOriginalutgåve
NO: 1. desember 2000
Jubileumsutgåve
NO: 7. desember 2001
Gullutgåve
NO: 29. november 2002
SjangerEventyr
Spelemoduseinspelar, fleirspelar
MediumCD-ROM

Flåklypa Grand Prix er eit eventyrspel utvikla av Capricornus og utgjeve av CVG Distribusjon AS. Det vart opphavleg utgjeve i Noreg den 1. desember 2000 til Microsoft Windows. Spelet er ei samling av ulike småspel som er fordelte på ei rekkje scener og sekvensar basert på handlinga i langfilmen Flåklypa Grand Prix frå 1975.

Den originale utgjevinga av Flåklypa Grand Prix-spelet i 2000 var vellukka og det selte ut det første opplaget på 50 000 kopiar i løpet av 14 dagar.[1] Året etter vart spelet utgjeve på nytt i form av ei «jubileumsutgåve» som tilførte nye småspel og sekvensar.[2] I 2002 vann spelet ein EMMA-pris (Electronic Multimedia Awards) i kategorien «Entertainment – Kids» og fekk annanplass i kategorien animasjon.[3] Spelet vart utgjeve nok ein gong i 2002, denne gongen som ei «gullutgåve» med medfølgjande 3D-briller, som kunne brukast til nye akvitivetar og sekvensar med 3D-effektar.[4] Flåklypa Grand Prix er tidenes mestseljande spel i Noreg, med 380 000 selde kopiar.[5]

Ei utgåve av spelet til Nintendo DS vart utgjeven i 2010. Ei modernisert utgåve av spelet vart utgjeven til Nintendo Switch og Windows via Steam i november 2021.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Rekordsalg for Flåklypa». digi.no. 15. desember 2000. Henta 25. mars 2020. 
  2. «Gjensyn med Flåklypa». Verdens Gang. 6. desember 2000. Henta 25. mars 2020. 
  3. «Spill-Oscar til Flåklypa». Verdens Gang. 3. januar 2002. Henta 25. mars 2020. 
  4. «Ny runde med Flåklypa». ITavisen. 27. november 2002. Henta 25. mars 2020. 
  5. «Endelig kan du kjøre ned den bakken – i 3D». DNB Nyheter. 21. september 2018. Henta 25. mars 2020. [daud lenkje]
  6. «Nytt Flåklypa Grand Prix spill?». caprino.no. Arkivert frå originalen 17. mars 2020. Henta 25. mars 2020. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]