2010-dataspelet Flåklypa Grand Prix

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Flåklypa Grand Prix
Utviklar(ar)Ravn Studio
Utgjevar(ar)Pan Vision
Plattform(er)Nintendo DS
UtgjevingNO: 7. mai 2010
SjangerEventyr, hjernetrim

Flåklypa Grand Prix er eit eventyrspel utvikla av Ravn Studio og utgjeve av Pan Vision til Nintendo DS i 2010. Spelet hentar fleire element, mellom anna oppbygnad og minispel, frå PC-spelet med same namn frå 2000 og tilpassar dei til Nintendo DS-formatet.[1] Det inneheld mellom anna åtte minispel og 42 puslespel.[2]

Flåklypa Grand Prix for Nintendo DS fekk positiv mottaking i pressa[3][4] og toppa VG-lista over mestseljande dataspel i Noreg i lanseringsveka.[5] Leverandørar bestilte over 30 000 kopiar av spelet før utgjevinga i mai 2010.[2] Det har sidan utgjevinga omsett for over ti millionar kroner.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Solan og gjengen». Gamer.no. 25. januar 2010. Henta 22. april 2020. 
  2. 2,0 2,1 «30.000 forhåndssolgt». Drammens Tidende. 20. mars 2010. Henta 22. april 2020. 
  3. «Store, lille Flåklypa: Spillanmeldelse: «Flåklypa Grand Prix»». Verdens Gang. 11. mai 2010. Henta 26. mars 2020. 
  4. «Underholdende på Flåklypatoppen». Pressfire. 15. mai 2010. Henta 22. april 2020. 
  5. «D'ække farlig å være norsk». farojournalen.no. 17. mai 2010. Arkivert frå originalen 2010-05-25. 
  6. «Se de første bildene fra det nye Flåklypa-spillet». NRK. Henta 22. april 2020.