2032 av Gong

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
2032 av Gong
Studioalbum av Gong
Språk engelsk
Utgjeve 21. september 2009
Innspelt 2009
Sjanger Progressiv rock, jazzrock[1]
Lengd 1:15:25
Selskap G-Wave
Produsent Steve Hillage
Gong-kronologi 
Acid Motherhood
(2004)
2032 av Gong I See You
(2014)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
All About Jazz4/5 stars[1]
Allmusic3/5 stars[2]

2032 er det tolvte studioalbumet til Gong, gjeve ut 21. september 2009.

Oversyn[endre | endre wikiteksten]

2032 held fram å utforske Gong-mytologien, som har vore ein sentral del av albuma deira sidan Radio Gnome-trilogien som bestod av Flying Teapot og Angel's Egg frå 1973, og You frå 1974. Året 2032 er nemnt ganske ofte på dei tidlege Gong-platene. Fleire av Gong-medlemmane som spelte på Radio Gnome-trilogien spelte på denne plata, som Daevid Allen, Steve Hillage, Gilli Smyth, Miquette Giraudy, Mike Howlett og Didier Malherbe.

Albumet skildrar korleis den til no usynlege Planeten Gong, heimstaden til «the pot head pixies and octave doctors», endeleg kjem i kontakt med jorda i 2032.

Hovudtema på albumet er verdsfred og økologi.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Albumet vart spelt inn i A-Wave Studio i London, og vart produsert og miksa av Steve Hillage, med ekstra produksjon av Daevid Allen i Bananamoon Observatory i New South Wales i Australia.

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Albumet kom ut på CD og i eit avgrensa opplag som dobbel-LP. Den doble LP-plata kom med eit hefte med tekstar og ein plakat som syner tala 2032. Plateomslaget syner ein «0», som igjen syner til helten i soga, Zero.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«City of Self Fascination»Allen6:04
2.«Digital Girl»Allen, Hillage4:22
3.«How to Stay Alive»Allen, Hillage, Howlett, Taylor8:05
4.«Escape Control Delete»Allen, Hillage, Giraudy, Howlett7:57
5.«Yoni Poem»Smyth, Giraudy2:08
6.«Dance with the Pixies»Allen4:36
7.«Wacky Baccy Banker»Allen, Hillage8:20
8.«The Year 2032»Allen5:38
9.«Robo-Warriors»Smyth, Giraudy2:59
10.«Guitar Zero»Allen, Taylor4:54
11.«The Gris Gris Girl»Allen, Hillage6:29
12.«Wave and A Particle»Smyth, Giraudy2:04
13.«Pinkle Ponkle»Allen, Hillage, Smyth4:34
14.«Portal»Hillage7:08

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Gong
Andre medverkande

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 M. Slawecki, Chris (26. desember 2009). «Gong: 2032». All About Jazz. Henta 17. november 2019. 
  2. «2032 Review». Allmusic.com. Henta 17. november 2019.