22. juli-kommisjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

22. juli-kommisjonen (òg kalla Gjørv-kommisjonen) var ein regjeringsnedsett uavhengig kommisjon som vart oppretta som følgje av terrorangrepa i Noreg 22. juli 2011. Avgjera om å oppretta utvalet vart teken av regjeringa i eit møte onsdag 27. juli, men ho vart òg teken i samråd med alle opposisjonspolitikarane på Stortinget. Målet til den uavhengige kommisjonen var å gje svar på kva som skjedde 22. juli 2011.

Kommisjonen skulle ikkje vera ein granskingskommisjon, men gje ei samla framstilling av kva som skjedde denne dagen i Regjeringskvartalet og på Utøya, og dessutan å gje tilrådingar ut frå det kommisjonen fann ut.

I statsråd fredag 12. august 2011 vart Alexandra Bech Gjørv oppnemnt som leiar for 22. juli-kommisjonen. Kommisjonen vurderte habiliteten til medlemmane og sjølvstende og fann at kommisjonen var habil. Professor i forvaltningsrett ved Universitetet i Oslo, Erik Boe, skreiv ein betenking og kom til same konklusjon.[1]

22. juli-kommisjonen overleverte og offentleggjorde sin endelege rapport, NOU 2012: 14, «Rapport frå 22. juli-kommisjonen», måndag 13. august 2012.[2]

Medlemmar[endre | endre wikiteksten]

Kommisjonen hadde mellom anna representantar frå politi, rettsvitskap, forsking og medisin:

Sekretariat[endre | endre wikiteksten]

  • Bjørn Otto Sverdrup (sekretariatleiar), statsvitar og tidlegare kommunikasjonsdirektør i Statoil
  • Olav Njølstad, historikar og professor ved Universitetet i Oslo og tidlegare forskingsdirektør ved Nobelinstituttet
  • Ida Skirstad Pollen, advokat hos Kommuneadvokaten i Oslo
  • Åsne Julsrud, tingrettsdommar ved Drammen tingrett
  • Tor Erik Heggøy, partnar i Tenden Advokatfirma
  • Kristin Randa, sosialantropolog og seniorrådgjevar i Etterretningstenesta
  • Walter Wangberg, tidlegare førstestatsadvokat i Hordaland og konstituert lagdommer i Gulating lagmannsrett
  • Geir Ivar Tungesvik, historikar og underdirektør i Riksarkivet
  • Unni Lundby Fossen, advokatsekretær i Advokatfirmaet Hjort
  • Marianne Aasland Gisholt, rettsfullmektig i Trygderetten

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Hele terrorkommisjonen vurderes som habil». Aftenposten.no. 
  2. 22. juli-kommisjonen offentliggjør rapport mandag 13. august 2012 Arkivert 17. juni 2016 på Wayback Machine.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]