23rd Turnoff

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
23rd Turnoff
OpphavStorbritannia
Aktiv1967
SjangerPsykedelisk rock
PlateselskapDeram (Kirbys på RCA)
MedlemmerJimmy Campbell

23rd Turnoff var eit britisk band frå Liverpool. Bandet starta på slutten av 1950-åra av gitarist og låtskrivar Jimmy Campbell og hadde forskjellige namn gjennom 60-talet, mellom anna the Kirbys, før dei endra namn til 23rd Turnoff i 1967. Namnet var ein intern spøk og viste til avkjørselen på motorvegen M-6 som førte til Liverpool.

23rd Turnoff gav berre ut ein singel, «Michaelangelo», og ikkje eit einaste album. Songen vart deira einaste kjende, sjølv om han ikkje kom inn på listene. Han har derimot vorte gjeve ut på fleire samlealbum i seinare år. Songen har vorte skildra som ein nedtona og melankolsk song i same lei som songar som «Nights in White Satin» av The Moody Blues, og som ein song som hadde fortent ein betre skjebne[1]. B-sida på singelen heitte «Leave Me Here».

Neste singel skulle heite «Another Vincent Van Gogh», men sidan «Michaelangelo» selde dårleg og ikkje kom inn på listene vart dei droppa av plateselskapet og bandet vart oppløyst. Campbell danna seinare bandet Rockin' Horse saman med Billy Kinsley.

Som The Kirbys gav bandet ut tre singlar i 1965-1966. Desse var:

  • «'Cos My Baby's Gone» / «She'll Get No Lovin' That Way» (1965)
  • «Don't You Want Me No More» / «Bless You» (1965)
  • «It's A Crime» / «I've Never Been So Much In Love» (1966)

I 2004 kom eit samlealbum kalla The Dream of Michelangelo. Albumet er kredittert til 23rd Turnoff, men inneheld dei tre singalne som the Kirbys spelte inn i 1965 og 1966, i tillegg til «Michaelangelo»-singelen og ein del songar som aldri vart gjeve ut.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]