25143 Itokawa
| Oppdaging | |
|---|---|
| Oppdaga av | LINEAR |
| Oppdagingsdato | 26. september 1998 |
| Baneskildring | |
| Epoke 18. august 2005 (JD 2453600,5) | |
| Aphel | 253,520 mill. km (1,695 AE) |
| Perihel | 142,568 mill. km (0,953 AE) |
| 198,044 mill. km (1,324 AE) | |
| Eksentrisitet | 0,280 |
| 294,502° | |
| Banehelling | 1,622° |
| 69,095° | |
| 162,760° | |
| Fysiske eigenskapar | |
| Dimensjonar | 535 × 294 × 209 m [1] |
| Masse | (3,51±0,105)×)×1010 kg [1] (3.58±0.18)×)×1010 kg [2] |
| 1,9 ±0,13 g/cm³ [1] 1,95 ± 0,14 g/cm³ [2] | |
| ~0,0002 km/s | |
| 0,5055 d (12,132 t) [3] | |
| Albedo | 0,53 |
spektralklasse | S |
| 19,2 | |
25143 Itokawa (frå japansk 糸川) er ein Apollo-asteroide og ein marskryssar. Itokawa blei besøkt av den japanske romfartsorganisasjonen JAXAs romsonde Hayabusa og kan koma til å bli den første romsonden som prøvar er blitt henta ned frå.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Asteroiden vart oppdaga i 1998 av LINEAR og gjeve mellombelsnamnet 1998 SF36. I år 2000 vart asteroiden vald som mål for JAXAs Hayabusa-sonde, og ikkje lenge etterpå vart asteroiden gitt namnet Itokawa, etter den japanske rakettforskaren Hideo Itokawa
Asteoiden
[endre | endre wikiteksten]Itokawa er ein S-type-asteroide. Bilete frå Hayabusa hintar til at Itokawa kan vera eit resultat av to mindre asteroidar som stadig har gått lågare og lågare i bane rundt kvarandre og etterkvart blitt hengande fast. Hayabusa viste at Itokawa knapt har nedslagskratre, og ein veldig ujamn overflate overstrødd med kampesteinar. I følgje forskarane på Hayabusaprosjektet består Itokawa av to gigantiske steinhaugar snarare enn to massive lekamar.