253 Mathilde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
253 Mathilde
Oppdaging A
Oppdaga av Johann Palisa
Oppdaga dato 12. november 1885
Alternative namn B
Kategori Hovudbeltet
BaneelementC JPL
Epoke 30. januar 2005 (JD 2453400,5)
Aphel (Q) 501,179 mill. km (3,350 AE)
Perihel (q) 290,685 mill. km (1,943 AE)
Stor halvakse (a) 395,932 mill. km (2,647 AE)
Eksentrisitet (e) 0,266
Omløpsperiode (P) 1572,683 d (4,31 år)
Gjennomsnittleg banefart 17,98 km/s
Gjennomsnittleg anomali (M) 288,854°
Banehelling (i) 6,738°
Lengda til oppstigande knute ) 179,642°
Perihelargument (ω) 157,458°
Fysiske eigenskapar
Dimensjonar 66·48·46 km
Masse 1,033·1017 kg
Tettleik 1,3 g/cm³
Overflategravitasjon 0,0096 m/s²
Unnsleppingsfart 0,0225 km/s
Rotasjonsperiode 17 d 9 t 30 min
Albedo 0,04
Spektralklasse C
Absolutt storleiksklasse: 10,2
Overflatetemperatur: ~174 K

253 Mathilde er ein hovudbelteasteroide som blei vitja da NEAR Shoemaker-romsonden var på veg til 433 Eros. Han er den fyrste asteroiden vitja av eit romfartøy.

NEAR Shoemaker-bilde av 253 Mathilde

Mathilde er svært mørk, svartare en kol og ein meiner at samansettinga er som karbonrike chondrittmeteorittar. Tettleiken målt av NEAR Shoemaker, 1300 kg/m³, var under det halve til typiske karbonrike chondrittar. Dette kan indikere at asteroiden er ein laust samansett haug av grus. Det same er tilfelle for ein annan C-type asteroide (som berre er studert frå jorda), 45 Eugenia.

Banen til Mathilde er eksentrisk, og tar han til det ytre av hovudbeltet. Han har au ein av dei seinaste rotasjonsperiodane til dei kjende asteroidane. Difor fekk ikkje NEAR Shoemaker fotografert heile overflata til asteroiden.

Ein meiner at Mathilde er namnsett etter kona til astronomen Moritz Loewy.

Krater[endre | endre wikiteksten]

Asteroiden er market med mange svært store og tydelege krater, mange av dei er breiare enn snittradiusen til asteroiden. Det er ingen forskjellar i farge eller ljosheit, så dei indre delane til asteroiden må vera svært homogene.

Dette er ei liste over kratera. Av di at Mathilde er ein mørk karbonsk lekam har kratera blitt namnsett etter nokon av dei mest kjende kolfelta i verda.

Krater Namnsett etter
Aachenkrateret Aachen, Tyskland
Baganurkrateret Baganur, Mongolia
Benhamkrateret Benham, Kentucky, USA
Clackmannankrateret Clackmannan, Storbritannia
Damodarkrateret Damodar, India
Enugukrateret Enugu, Nigeria
Ishikarikrateret Ishikari, Japan
Jeradakrateret Jerada, Marokko
Jixikrateret Jixi, Kina
Kalimantankrateret Kalimantan, Indonesia
Karookrateret Karoo, Sør-Afrika
Kuznetskkrateret Kuznetsk, Russland
Lorrainekrateret Lorraine, Frankrike
Lublinkrateret Lublin, Polen
Maritsakrateret Maritsa, Bulgaria
Matanuskakrateret Matanuska, Alaska, USA
Mulgildiekrateret Mulgildie, Australia
Oaxacakrateret Oaxaca, Mexico
Otagokrateret Otago, Ny Zealand
Quettakrateret Quetta, Pakistan
Similkameenkrateret Similkameen, Canada
Teruelkrateret Teruel, Spania
Zuliakrateret Zulia, Venezuela


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Smålekamar i solsystemet