2MASX J09133888-1019196

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hubble-bilete av galaksane som begge er delvis deformerte grunna gravitasjonspåverknaden dei har på kvarandre.

2MASX J09133888-1019196 eller IRAS F09111-1007 er eit par av vekselverkande galaksar som ligg rundt 700 millionar lysår unna jorda i stjernebiletet Vasslangen. Galaksane er rundt 130 000 lysår frå kvarandre, noko som tyder på at dei nett har starta å smelta saman. Saman utgjer dei to galaksane eit ultralyssterkt system i det infraraude, noko som er uvanleg i dei tidlege stadiuma i samansmelting av galaksar. Ei mogleg forklaring er at begge galaksane allereie har smelta saman eller vekselverka med andre galaksar. Begge galaksane har massive svarte hòl i kjernane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]