2S7 Pion

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå 2S7 Peon)
2S7 Pion

2S7 Pion er ein sovjetisk sjølvdriven kanon med kaliber på 203 mm. Lengda på løpet er 56,2 gonger kaliberet, og er dermed kanon, ikkje haubits. Han heitte SO-203 i sovjetisk teneste. Kanonen har òg vore i teneste i mellom anna Tsjekkoslovakia.

Historie og utvikling[endre | endre wikiteksten]

2S7 kom i teneste som SO-203 i 1976, og var den største beltedrivne kanonen i verda. Han deler fleire komponentar med stridsvognene T-72 og T-80. Kanonen vart utvikla for å kunna slå ut viktige fiendtlege mål slik som kommandoplassar. Han avfyrer høgeksplosive sprenggranatar, både konvensjonelle og rakettassisterte, men kan òg levera atomgranatar og granatar med kjemisk nyttelast.[1]

Han fekk, i likskap med bombekastaren 2S4 Tyulpan, NATO-designasjonen M1975 etter året han først vart sett av vestlege observatørar.

2S7M Mialka er ei vidareutvikling av 2S7 Pion som vart teken i bruk i 1983. Denne har kapasitet til å frakta åtte granatar (det dobbelte av 2S7 Pion), og har ei forbetra skottakt (2,5 granatar/minutt mot 1,5 granatar/minutt for 2S7 Pion).

Teknisk[endre | endre wikiteksten]

Vognføraren sit framme, i ein pansra førarkabin. Køyretøyet elles er ope, altså utan vern av noko slag for kanonmannskapet.

Løpet er eit 203 mm 2A44, og køyretøyet vert stabilisert av ein hydraulisk spade som vert senka bak før avfyring. Maksimal elevasjon på skytset er 60°. Det kan traversast 30° i side. Rekkjevidda er 37,5 km med konvensjonell ammunisjon og 47,5 km med rakettassisterte granatar. Ammunisjonen er av type med separat drivladning og granat, og ei hjelpeanordning for lading er montert på høgre side av skroget. Kanonen har plass til opp til fire granatar. Ytterlegare fire vert transporterte med eit medfølgjande ammunisjonskøyretøy. Kanonen vert bemanna av eit mannskap på sju, med ytterlegare sju mann på ammunisjonskøyretøyet.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «2S7 Pion». Military-Today.com. Henta 30. juli 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]