2 Unlimited

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
2 Unlimited

Ray Slijngaard og Anita Doth opptrer i 1994.
OpphavAmsterdam
Aktiv1991-1996, 1998-1999, 2009-
SjangerDance
PlateselskapByte Records, PWL, ZYX Records, Quality Records, Radikal Records
MedlemmerRay Slijngaard (rappar)
Anita Doth (vokal)
Tidlegare medlemmerRomy van Oojen
Marjon van Iwaarden
PrisarPopprijs

2 Unlimited er ei nederlandsk dance-gruppe som vart skipa i 1991. Ho bestod av rapparen Ray Slijngaard og songaren Anita Doth, begge frå Amsterdam, frå skipinga til 2016.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

I 1991 byrja Slijngaard og Doth eit samarbeid med to byrjabelgiske musikkprodusentar, Philip Wilde og Jean-Paul de Coster, og tok namnet 2 Unlimited. ei signerte platekontraktbelgiske Byte Records.

Debutalbumet Get Ready! vart utgjeve i februar 1992. Singelen Get Ready For This gjekk høgt på hitlistene i mange vestlege land, og plata inneheldt 3 andre songar som vart utgjevne som singlar. Oppfylgjaralbumet No Limits frå 1993 inneheldt singelen No Limit som gjekk rett til topps på europeiske hitlister, også i Noreg. Tribal Dance var ein annan singel frå same albumet. Sjølve albumet selde også svært godt, med meir enn 3 millionar selde kopiar. 2 Unlimited har også gjeve ut ei rekkje samlealbum.

2 Unlimited gav ut eitt studioalbum til med namnet Real Things (1994), med noko mindre suksess enn dei to fyrste. I april 1996 vart det kunngjort at 2 Unlimited var oppløyst.

Dei to belgiske produsentane forsøkte likevel å få liv i 2 Unlimited att i 1998, ved å hyra inn to nye nederlandske songarar, Romy van Oojen og Marjon van Iwaarden utan Doth og Slijngaard. Med dei nye gruppemedlemmene gav 2 Unlimited ut plata II i 1998, med moderat suksess.

I 2009 gjorde Doth og Slijngaard ein reunion og tok namnet Ray & Anita. Under dette namnet har dei gjeve ut singlane Still Unlimited (2009) og In Da Name Of Love (2010). Romy og Marjon har også gått saman att og har teke artistnamnet 2.

13. august 2016 blei det kunngjort at Kim Vergouwen skulle erstatta Doth i gruppa.[1] 2 Unlimited opptredde ved Dance Music Festival i Kielce i Polen i 2020.[2]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

  • Get Ready! (1992)
  • No Limits (1993)
  • Real Things (1994)
  • II (1998)

Singlar (utval)[endre | endre wikiteksten]

  • Get Ready For This (1992)
  • No Limit (1993)
  • Tribal Dance (1993)
  • The Real Thing (1994)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Ray Slijngaard». Facebook. 13 August 2016. Arkivert frå originalen 26. februar 2022. Henta 19. august 2016. 
  2. «III Festiwal Muzyki Tanecznej Telewizji Polskiej Kielce 2020». eBilet.pl (på polsk). Henta 9. august 2020. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: 2 Unlimited