Hopp til innhald

3. divisjon fotball 1968/Møre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

3. divisjon Møre 1968, ei av Norges Fotballforbund sine mange serieavdelingar, tok til sundag 5. mai og vart avslutta med full runde sundag 29. september. Avdelinga bestod av 8 lag: 4 frå Sunnmøre, 2 frå Romsdal og 2 frå Kristiansund. Vinnaren av avdelinga møtte vinnaren av Trøndelags-avdelinga til kampar om opprykk til 2. divisjon, medan dei to laga med færrast poeng rykte ned til 4. divisjon.

Poengtabell

[endre | endre wikiteksten]
Plass Lag Kampar Målskår Poeng
1 Herd 14 32–11 23
2 Molde 14 30–12 22
3 Langevåg 14 28–23 17
4 Clausenengen 14 27–18 14
5 Velledalen og Ringen 14 18–18 12
6 Skarbøvik 14 17–24 11
7 Kristiansund FK 14 16–36 9
8 Åndalsnes 14 15–41 4


Sportsklubben Herd frå Ålesund tapte for tredje gong på fire år kampen om opprykk til 2. divisjon. Mot SK Falken vart det tap 0-3 i Trondheim og 0-0 heime.