31 Euphrosyne
| Oppdaging og nemning | |
|---|---|
| Oppdaga av | James Ferguson |
| Oppdagingsdato | 1. september 1854 |
| Baneskildring | |
| Epoke 31. desember (JD 2454100,5) | |
| Aphel | 577,571 mill. km (3,861 AE) |
| Perihel | 364,755 mill. km (2,438 AE) |
| 471,163 mill. km3,150(x AE) | |
| Eksentrisitet | 0,226 |
| 14,500° | |
| Banehelling | 26,316 ° |
| 31,238° | |
| 61,996° | |
| Fysiske eigenskapar | |
| Dimensjonar | 255,9 km |
| Masse | =~1.69×1019 kg |
| ~1,9 g/cm³ | |
Unnsleppingsfart | ~0,1319 |
| 0,2305 d (5,531 t) | |
| 0,0543 | |
| C | |
| 6,74 | |
31 Euphrosyne er ein av dei største hovudbelteasteroidane. Han vart oppdaga av James Ferguson den 1. september 1854, den første som blei oppdaga frå Nord-Amerika. Asteroiden er namngjeven etter Eufrosine frå gresk mytologi.[1]
Asteroiden er den åttande største hovudbelteasteroiden og utgjer omtrent 1 % av den totale massen i asteroidebeltet. Han er eit veldig mørkt objekt nær kanten av beltets ytre.
Objektet er lite studert, sjølv om den er ein av dei største asteroidane. Han er ein typisk C-type-asteroide med ei primitiv overflate. Bana er svært uvanleg og liknar på den til 2 Pallas, med sin høge inklinasjon og eksentrisitet.
Den låge tettleiken til Euphrosyne hintar til at, i motsetning til 10 Hygiea, 704 Interamnia og 52 Europa, er Euphrosyne ein porøs lekam.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Lutz Schmadel: Dictionary of Minor Planet Names, Volym 1, Springer Verlag, Berlin, 1992 (engelsk), s. 16. ISBN 3-540-00238-3.