5. søndag i påsketida

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå 4. sundag etter påske)

5. søndag i påsketida, før kalla 4. sundag etter påske, tidlegare Cantate, «syng lovsong», av dei latinske orda i introitussalmen som i mellomalderen vart bruka for denne sundagen, og som byrja med orda «Syng ein ny song for Herren, for han har gjort under!» (Sal. 98,1),[1] er den femte sundagen i den kristne påsketida.

Evangelietekstane i påsketida (sundagane etter påske) er i hovudsak henta frå evangeliet etter Johannes, medan brevtekstane i hovudsak er henta frå dei katolske breva, det vil seie Brevet til hebrearane og Johannes’ tredje brev.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]