420. etterretningssenter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

420. etterretningssenter (russisk 420 морской разведывательный пункт) er ei eining i OSK Nord i det russiske forsvaret, og vart fyrst sett opp i 1986 i byen Poljarnyj i Murmansk oblast.[1]

Øving for soldatane der vart organisert mest mogeleg likt det som ein den gongen trudde ville verta røynda - nemleg objekt som likna infrastrukturen til NATO. Dei måtte òg venja seg til dei vanskelege vértilhøva i arktisk, både fysisk og psykisk. Øvingane innebar òg innsetting med helikopter og marsj i tungt lende opptil 20 kilometer. Froskemenn vart utstyrt med dykkarbåten VM-71 med mykje utstyr, inkludert trykkammer. Denne liknar Dykkarbåtar - prosjekt 535. Torpedobåtar med toppfart over 30 knop fekk dei òg.[2]

Etterretningssenteret byrja òg å øva seg på å henta informasjon frå objekt som høyrde til dei mest trulege motstandarane i NATO, Noreg og Island. Talet på objekt i desse landa var meir enn 40, inkludert fire hydroakustiske stasjonar ved kysten.[3]

Fyrste gruppa øvde seg mot VGAS (helikopter med hydrofonar), andre gruppe øvde seg i å samle informasjon om NATO-flybasar i Nord-Noreg, og ei tredje gruppe (RRTR) øvde seg mot radaranlegg i Nord-Noreg.[4]


Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Флаг спецназа ГРУ 420 ОМРП Северный флот». Henta 21. april 2018. «420 морской разведывательный пункт был сформирован в 1986 году. Место дислокации 420 МРП – город Полярный Мурманской области.» 
  2. «Флаг спецназа ГРУ 420 ОМРП Северный флот». Henta 21. april 2018. «для выполнения поставленных задач отряду 420 МРП выделили торпедолов, скорость которого превышала 30 узлов (60 км/ч).» 
  3. «Флаг спецназа ГРУ 420 ОМРП Северный флот». Henta 21. april 2018. «Всего подобных объектов было более сорока, четыре из них – гидроакустические береговые станции. Первый» 
  4. «Флаг спецназа ГРУ 420 ОМРП Северный флот». Henta 21. april 2018. «Первый отряд 420 МРП работал против ВГАС, второй занимался сбором информации об авиации НАТО, базирующейся в Северной Норвегии, отряд РРТР занимался пунктами радиолокационного оповещения НАТО в Северной Норвегии.»