45 av Kino

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
45
Studioalbum av Kino
Utgjeve 1982
Innspelt ANTROP Studio, Leningrad i Sovjetunionen
Sjanger Russisk rock
Lengd 42:56
Produsent Andrej Tropillo
Kino-kronologi
45 Natsjalnik Kamtsjatki
(1984)


45 er debutalbumet til det russiske rockebandet Kino frå 1982. Albumet vart spelt inn i studioet ANTROP, som høyrde til Andrej Tropillo.

Tsoj var ein av få russiske musikarar som våga seg ut på politiske tema i musikken sin. I songen Elektritsjka (som er det russiske namnet på metrotoga som køyrer i undergrunnsbanane i Russland) handlar teksten om ein mann som ikkje kjem seg av eit tog, som tek han til ein stad han ikkje ville dra til. Dette var ein klar metafor for livet i Sovjetunionen, og det vart raskt nedlagt forbod for bandet om å spele songen på konsertar. Likevel gjorde den politiske bodskapen songen populær blant ungdomen frå antistatsrørsla, og Viktor Tsoj og Kino vart raskt idola deia.

Albumet inneheld stort sett akustiske songar og viser, men på enkelte songar, som «Elektritsjka», har dei enkle trommemaskinrytmar.

Tittelen på albumet skulle gjenspeile at lengda på albumet var 45 minutt, men CD-utgåva er iallefall kortare enn dette.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songane er skrive av Viktor Tsoj.

  1. «Время есть, а Денег нет» (Vremja jest, a Deneg net - Eg har tid, men ingen pengar)
  2. «Просто Хочешь Ты Знать» (Prosto Khotsjesj ty Znat - Du vil berre vite)
  3. «Алюминиевые Огурцы» (Aljuminijevyje Ogurtsy - Aluminiumagurkar)
  4. «Солнечные Дни» (Solnetsjnyje Dni - Dei solrike dagane)
  5. «Бездельник» (Bezdelnik - Dagdrivar)
  6. «Бездельник 2» (Bezdelnik 2 - Dagdrivar 2)
  7. «Электричка» (Elektritsjka - Forstadstog)
  8. «Восьмиклассница» (Vosmiklassnitsa - Åttandeklassejente)
  9. «Мои Друзья» (Moi Druzia - Venene mine)
  10. «Ситар Играл» (Sitar Igral - Ein sitar spelte)
  11. «Дерево» (Derevo - Tre)
  12. «Когда-то Ты Был Битником» (Kogda-to Ty Byl Bitnikom - Ein gong var du ein Beatnik)
  13. «На Кухне» (Na Kukhne - På kjøkenet)

Medverkande[endre | endre wikiteksten]