5 av J.J. Cale

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
5
Studioalbum av J.J. Cale
Språk engelsk
Utgjeve August 1979
Studio Crazy Mama Studios, Nashville, Tennessee (spor 1,6,7,12)
The Lakehouse, Old Hickory i Nashville (spor 2,4,5,9,10)
Columbia Studios i Nashville (spor 3)
Woodland Studios i Nashville (spor 8,11)
Sjanger Blues, americana, Tulsa Sound
Lengd 37:50
Selskap Storbritannia: Island
USA: MCA
Produsent Audie Ashworth & J.J. Cale
J.J. Cale-kronologi 
Troubadour
(1976)
5 Shades
(1981)


5 er det femte studioalbumet til J.J. Cale. Det kom ut i 1979 og var det første albumet hans på tre år. Det meste av albumet vart spelt inn og miksa i The Lakehouse i Old Hickory i Tennessee. Då albumet kom ut på CD vart «Katy Kool Lady» erstatta av ein ny song kalla «Out of Style», men var framleis oppført som førstnemnde på CD-omslaget. «Out of Style» finst òg på albumet Rewind: The Unreleased Recordings frå 2007.[1][2][3][4][5]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

5 var første gongen Christine Lakeland spelte på eit J.J. Cale-album, ein songar og musikar som kom til å spele ei viktig rolle i musikken til Cale dei neste åra og som vart kona til Cale fram til han døydde i 2013.

Paste,[6] All About Jazz,[7] og Glide Magazine[8] trekkjer alle fram «Don't Cry Sister» som eit høgdepunkt. Eit konsertopptak av songen finst på albumet Live in San Diego frå 2016.

«Katy Kool Lady» kom ut på singel i lag med «Jaurez Blues» som B-sida.

Songen «Don't Cry Sister» vart spelt inn på nytt av Cale og Eric Clapton på albumet deira The Road to Escondido.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av J.J. Cale, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Thirteen Days»2:50
2.«Boilin' Pot»2:51
3.«I'll Make Love to You Anytime»3:13
4.«Don't Cry Sister»2:14
5.«Too Much for Me»3:13
6.«Sensitive Kind»5:10
Side to
Nr.TittelLengd
7.«Friday»4:13
8.«Lou-Easy-Ann»2:47
9.«Let's Go to Tahiti» (Bill Boatman, Roger Tillotson)2:52
10.«Katy Kool Lady» («Out of Style» på CD)2:24
11.«Fate of a Fool»2:54
12.«Mona»3:16

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • J.J. Cale - gitar, bass, piano, trommer og vokal
  • Christine Lakeland - korsong, orgel, rytmegitar, perkusjon og piano
  • Billy Cox - bass
  • Carl Radle - bass
  • Nick Rather - bass
  • Karl Himmel - trommer
  • Kenny Buttrey - trommer
  • Buddy Harman - trommer
  • Jimmy Karstein - trommer og conga
  • David Briggs - piano
  • Larry Bell - elektrisk piano og orgel
  • Bill Boatman - elektrisk rytmegitar og fele
  • Bill Kenner - mandolin
  • Farrell Morris - vibrafon
  • Sherry Porter - korsong
  • Shelly Kurland - strykarar
  • Carl Gorodetzy - strykarar
  • Roy Christensen - strykarar
  • Marv Chantry - strykarar
  • Cam Mullins - strykearrangement
  • George Tidwell - blåsarar
  • Don Sheffield - blåsarar
  • Dennis Goode - blåsarar
  • Terry Williams - blåsarar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ruhlmann, William. «J.J. Cale 5». allmusic.com. Henta 16. september 2018. 
  2. «5». amazon.com. Henta 16. september 2018. 
  3. Sweeting, Adam. «JJ Cale obituary». theguardian.com. Henta 16. september 2018. 
  4. «5 J.J. Cale». itune.apple.com. Arkivert frå originalen 10. januar 2015. Henta 16. september 2018. 
  5. «J.J. Cale–5». discogs.com. Henta 16. september 2018. 
  6. Andy Beta (23. januar 2007). «J.J. Cale: JJ Cale & Eric Clapton – The Road...». Paste Magazine. Henta 16. september 2018. 
  7. Doug Collette (14. desember 2006). «J.J. Cale & Eric Clapton: The Road to Escondido». Henta 16. september 2018. 
  8. Jason Rooks (8. desember 2006). «J.J. Cale & Eric Clapton: The Road to Escondido». Glide Magazine. Henta 16. september 2018.