6. divisjonskommando

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

6. divisjonskommando var ein taktisk, mobil divisjonskommando i Hæren, som i krig skulle vere i stand til å leie tre til fire brigadar, mellom anna ein alliert forsterkningsbrigade, og ha underlagt naudsynte einingar for leiingsstøtte og feltetterretning, taktisk støtte og forsyning samt støtteeiningar frå NATO. 6. divisjonskommando vart oppretta i 2002 og nedlagd 1. august 2009.

I fred hadde 6. divisjonskommando eit koordinerande ansvar for styrkeproduksjonen ved underavdelingane til Hæren i indre Troms (Setermoen, Heggelia, Skjold), Rena (Telemark bataljon), Oslo (Hans Majestet Kongens Garde) og Finnmark (Garnisonen i Sør-Varanger, Garnisonen i Porsanger). 6. divisjonskommando hadde standkvarter ved Heggelia ved Bardufoss i Målselv kommune i Troms.

6. divisjon vart nedlagt som territorielt regiment i 2002 og omorganisert til mobil divisjonskommando. Historia til 6. divisjon si går attende til 1890-åra. Namnet fekk han i 1916 og er uløyseleg tilknytt kampane om Narvik i 1940 under leiinga til generalmajor Carl Gustav Fleischer.

6. divisjonskommando bestod av 12 bataljonar:

Mange av avdelingane i 6. divisjonskommando vart nye einingar i ISTAR-konseptet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]