60. sørlege breiddesirkelen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå 60. sørlege breiddegrad)
Linje over jorda
60°
60. sørlege breiddesirkelen

60. sørlege breiddesirkelen er ein breiddegradssirkel som ligg 60 gradar sør for ekvator. Det ligg ingen landområde langs sirkelen og han kryssar ikkje noko anna enn hav. Det næraste landområdet er Coronationøya (Melson Rocks eller Governorøyane) i Sør-Orknøyane, som ligg kring 54 km sør for sirkelen, og Cookøya i Sør-Sandwichøyane, som ligg kring 57 km nord for sirkelen.

Sirkelen markerer den nordlege grensa til Sørishavet (somme organisasjonar og land, mellom anna Australia, har andre definisjonar) og Antarktistraktaten. Han markerer òg den sørlege grensa til Den kjernevåpenfrie sonen i Sør-Stillehavet og Den kjernevåpenfrie sona i Latin-Amerika.

Ved desse breiddene er sola synleg i 18 timar og 52 minutt ved sommarsolkverv og 5 timar, 52 minuttar ved vintersolkverv. Den 21. desember er sola 53,83 grader opp på himmelen og den 21. juni 6,17 grader.

Breiddegraden vert stundom kalla «Screaming 60's», dei skrikande 60-gradene, på grunn av den kraftige vestavinden som ofte finst her og som skapar bølgjer opp mot 15 meter. Vindstyrken kan gjerne nå over 40 m/s.[1]

Kring verda[endre | endre wikiteksten]

Frå nullmeridianen og austover, kryssar den 60. sørlege breiddegradssirkelen gjennom:

Koordiantar Land, territorium eller hav Merknad
60°0′S 0°0′E / 60.000°S 0.000°E / -60.000; 0.000 (nullmeridianen) Grensa mellom Atlanterhavet / Sørishavet
60°0′S 20°0′E / 60.000°S 20.000°E / -60.000; 20.000 (Indiahavet / Sørishavet boundary) Grensa mellom Indiahavet / Sørishavet
60°0′S 147°0′E / 60.000°S 147.000°E / -60.000; 147.000 (Stillehavet / Sørishavet boundary) Grensa mellom Stillehavet / Sørishavet
60°0′S 67°16′W / 60.000°S 67.267°W / -60.000; -67.267 (Atlanterhavet / Sørishavet boundary) Grensa mellom Atlanterhavet / Sørishavet Passerer gjennom Drakesundet mellom Sør-Amerika og Den antarktiske halvøya
og går nær den sørlege grensa til Scotiahavet

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Sinert, Richard. «The Furious 50's and Screaming 60's». mydaywithbarkly. Henta 14. oktober 2012.