69. fortifiserte infanteribrigade i Russland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
69. fortifiserte infanteribrigade i Russland

69. festningsbrigade (russisk отдельная бригада прикрытия, 69. otdelnaja brigada prikritija) er ein brigade underlagt 35. kombinerte armé i den russiske hæren. Han er forlagt til Babstovo i Den jødiske autonome oblasten.[1]

Namn[endre | endre wikiteksten]

Eit av namna er, 69-я отдельная Свирско-Померанская Краснознамённая, ордена Красной звезды Амурская казачья бригада прикрытия. «69. sjølvstendige Svirsk-Pomeransk Raude Fane med Amur-kosakkane Raude Fane orden fortifiserte brigade», er ein fri omsetting til nynorsk.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Avdelinga vart opphavleg oppsett i under andre verdskrigen i 1941 som 272. infanteridivisjon i Leningrad oblast. I 1989 vart divisjonen flytta til Den jødiske autonome oblasten og konvertert til 128. sovjetiske maskingevær-artilleridivisjon. Etter fleire reorganiseringar og namnebyte, fekk avdelinga i 2009 nemninga 69. otdelnaja brigada prikritija, med tilhøyrande æresnamn.[1]

Organisering[endre | endre wikiteksten]

Eit regiment kalla istrebiltelno-protivotankovyj artilleriskij polk ('skyttar-panservern-artilleri-regiment') er del av brigaden. Bataljonane har skarpskyttar-tropp, etterretningstropp og panserverntropp. Det finst òg ein ingeniørbataljon og ein rakettkastar-bataljon i brigaden. [2]

Mobilitet i felt[endre | endre wikiteksten]

På nettstaden Quora (i 2016) skreiv ein brukar at to av dei fire bataljonene (i brigaden) har (eigne) lastebilar, og brukaren skreiv vidare at brigaden er "partially converted to mobile unit".[3]

Utstyr og våpen[endre | endre wikiteksten]

Brigaden er uvanleg samansett med MT-LBV, mitraljøser av den gamle typen KPVT, men òg nokre nye Psj-30V. Panserverntroppene har panservern-missilet Kornet. Rakettkastarbataljonen har rakettkastaren Prima.[2]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «69-я отдельная казачья бригада прикрытия (в/ч 61424)». VoinskayaChast.net. 04.11.2015. 
  2. 2,0 2,1 Вадим Львов. Оперативное вмешательство. Side ?. [1]
  3. «What is a Mobile Fortress Brigade in Russian Ground Forces?». Henta 14. mai 2018.