69 année érotique

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gainsbourg et son Gainsborough
Ont pris le ferry-boat
De leur lit par le hublot
Ils regardent la côte…

«69 année érotique»
av Serge Gainsbourg (1969)

«69 année érotique» er ein duett av den franske artisten Serge Gainsbourg i lag med hans dåverande kjæraste Jane Birkin frå albumet deira Jane Birkin/Serge Gainsbourg frå 1969. Songen er ein av dei mest kjende til Gainsbourg og i lag med «Je t'aime... moi non plus» den einaste duetten mellom Gainsbourg og Birkin på plata.

Songen er ein av dei mest erotisk lada songane på albumet og i Gainsbourg si karriere, og illustrerar Gainsbourg sin kreativitet både musikalsk og tekstmessig. Songen opnar med eit skarpt bassriff som går gjennom store delar av songen, før gitar og trommer kjem inn. Gainsbourg snakkar seg gjennom versa på den karakteristiske måten sin og på andre verset kjem orgel og vibrafon inn. Refrenga er sunge av Birkin og teksten her består berre av tittelen på songen. Strykarar kjem inn på refrenget og songen endrar tilsynelatande tempo og gjev songen eit easy listening-preg.

Songen vart spelt inn i november 1968 i Studio Chappell i London. Han er arrangert av Arthur Greenslade og produsert av Jean-Claude Desmarty.