Grammofonplate

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå 7"-singel)
Grammofonplate La vita è adesso.

Ei grammofonplate (ofte kalla berre plate, skive, eller vinyl) er eit analogt medium for lagring av lyd. Ei grammofonplate er ei rund skive med inngraverte riller. Plata er som regel laga av plast, ofte vinyl. Grammofonplater vert spelte av ved at ein stift les rillene i eit spiralforma spor medan plata roterer med konstant fart. Plater for privat bruk vert spela utanfrå og innover.

Dei fyrste grammofonplatene[endre | endre wikiteksten]

Emile Berliner med ein av grammofonane sine.

Dei fyrste lydinnspelingane vart gjort ved hjelp av fonografar, som lagra informasjonen på ein rull[1]. Dei fyrste innspelingane på plater vart utførte av Emil Berliner i 1887[2]. Edison nytta vertikal modulering på fonografrullane sine, og hadde patentert dette prinsippet. Berliner omgjekk patenta til Edison ved å nytta lateral modulering (sidevegs rørsle)[3], som viste seg å fungera betre. På dei fyrste opptaka til Berliner vart både opptak og avspeling gjort med ei rotasjonshastigheit på 30 o/min. Spelaren vart driven manuelt med ei sveiv, så det var ikkje muleg å halda hastigheita konstant.

Dei fyrste platene vart innspela ei og ei i gongen, noko som var svært tungvint og kostbart. Men i 1902 vart det mulig å presse fleire plater frå ei innspeling[1].

I byrjinga vart platene spela inn akustisk, ved at ein nytta eit horn, som omforma den akustiske impedansen slik at det vart mogeleg å driva ein membran festa til ein stift som graverte ei rille i plata. I 1925 vart det muleg å nytta ein mikrofon og ein forsterkar for å driva graveringsstiften[4].

78-plater (skjellakkplater, steinplater)[endre | endre wikiteksten]

Shellakplate frå Deutsche Grammophon-Gesellschaft.

Utdjupande artikkel for dette emnet er 78-plate.

78-plater, òg kalla skjellakkplater og steinkaker, er grammofonplater som roterer med nominelt 78 o/min — derav namnet 78-plate. Nokre av dei eldste 78-platene hadde lydopptak på berre éi side, men dei fleste 78-platene hadde lydopptak på båe sidene — ein song/melodi per side.

Dei fyrste skjellakkplatene hadde etter måten grove riller, og radiusen på stiften var ca. 100 μm. Rillene vart gradvis reduserte til 90, 76 og 64 μm, men ulike produsentar nytta ulik rillestorleik, og når rillene vart slitne var det ikkje alltid at den opphavlege storleiken høvde.

I starten var det ingen standard for rotasjonshastigheita og det vart nytta fleire ulike hastigheiter, som varierte frå 60 til 130 o/min. I 1925 vart det semje om ei nominell hastigheit på 78 o/min, men då ein gjekk over til elektrisk drift enda ein opp med 77,92 o/min i Europa og 78,25 i Nord-Amerika; dette på grunn av ulik nettfrekvens (50 Hz i Europa og 60 Hz i Nord-Amerika).

Produksjonen av 78-plater heldt fram lenge etter at mikrorille- og stereoplater var tilgjengelege, men etter som marknaden tørka inn slutta fleire av dei store produsentane å gje ut 78-plater. Dei siste 78-platene vart produserte i Argentina, så seint som på byrjinga av 1970-talet.

Mikrorilleplater (mono LP)[endre | endre wikiteksten]

Utdjupande artikkel for dette emnet er Mikrorilleplate.

Den fyrste mikrorilleplata: Felix Mendelssohn, Violinkonzert i e-moll op. 64, Columbia ML4001, 1948.

Mikrorilleplate er ei grammofonplate som er innspela i mono, med lateral gravering. Mikrorilleplatene vart utvikla av Columbia, under leiing av Peter Carl Goldmark [1], og sette i produksjon i 1948. Desse platene hadde ein diameter på 25 eller 30 cm, roterte med 33 1/3 o/min, og speletid på 20 til 25 min, som var fire til fem gongar lengre enn 78-platene som då var i bruk. Dei vart difor kalla langspelplater (LP-ar). Året etter, i 1949, tok RCA til å produsera mikrorilleplater, men med mindre diameter (17,8 cm), med større rotasjonshastigheit (45 o/min) og ei speletid på berre 5 1/3 min. Desse var mynta på stutte utgjevingar.

Columbia og RCA utkjempa ein formatkrig, som ingen av dei vann. Formatet til Columbia fekk gjennomslag for klassisk musikk, medan formatet til RCA fekk gjennomslag for populærmusikk. Det endte med at begge selskapa tok til å nytta begge formata, så kundane laut skaffa seg universalspelarar, som roterte både med 33 1/3 og 45 o/min. Sidan rillene var av same type kunne same pickup nyttast.

Stereoplater[endre | endre wikiteksten]

Utdjupande artikkel for dette emnet er Stereoplate.

Stereoplate er ei tokanals grammofonplate som lagrar informasjon for stereofonisk attgjeving. Stereoplater er ei vidareutvikling av dei tidlegare mikrorilleplatene, som berre lagra ein kanal (mono). Utover 1950-talet var det mange framlegg til ulike system for å plassera to kanalar på ei grammofonplate. Men det var eit sytem patentert av Alan D. Bumlein i 1931 som viste seg å fungera best, og det er dette systemet som vann fram og framleis blir nytta. Blomlein-systemet plasserte rilleveggane 45° i høve til overflata på plata, slik at dei to rilleveggane dannar 90° i høve til kvarandre. Informasjonen i dei to kanalane er difor ortogonal. Stereoplatene har både lateral og vertikal modulasjon og må spelast med ein pickup der nålefana tillet både horisontal og vertikal rørsle og som har ei noko finare sliping av nåla enn monopickupar.

I 1957 demonstrerte Westrex eit tokanals gravringshovud[5], som plasserte venstre og høgre kanal i kvar si side av rilla, slik som Blomlein hadde kome med framlegg om 26 år tidlegare. På slutten av 1957 kom det nokre få demonstrasjonsplater på marknaden, men dei store plateselskapa kom ikkje i gang med produksjonen før i 1958. Tidleg på 1960-talet gjekk dei fleste plateprodusentane over til å produsera stereoplater og monoplater vart så godt som borte frå marknaden. Det vart likevel produsert nokre monoplater, men på grunn av at plateselskapa hadde teke til å nytta dei finare stereorillene var òg dei fleste monoplatene graverte med finar rillene. Desse platene bør difor spelast med pickupar som har mindre stiftradius; 18 μm i staden for 25 μm.

Format[endre | endre wikiteksten]

Tabell 1: Plateformat
Format Hast. Riller [μm] Platedimensjonar [mm]
Breidd [μm] Stiftradius [μm] Platediameter [mm] Yttre rillediameter [mm] Indre rillediameter [mm]
Mikrorilleplate 33 1/3 69-76 25 250 241 121
33 1/3 69-76 25 302 292 121
RCA single 45 69-76 25 175 168 108
Stereo LP 33 1/3 40 18 302 292 121
Stereo single 45 40 18 175 168 108

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Read, O., The recording and reproduction of sound, Howard W. Sams & Co., 1952.
  2. Burkowitch, P.K., Die etwas andere Geschichte der Schall-Platte, EBS Production, 2013.
  3. Beardsley, R. og Leech-Wilkinson, D., A Brief History of Recording to ca. 1950, AHRC Research Centre for the history and analysis of recorded music, 2009.
  4. Beardsley, R., Speeds and pitching of 78rpm gramophone records, AHRC Research Centre for the history and analysis of recorded music, 2009.
  5. An audio timeline; Audio Engineering Society, 13/6-2014

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Grammofonplate