7 Days and a Miracle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
7 Days and a Miracle
Sjanger Rock, Pop
Aktive år ca. 1994 -
Plateselskap Master Music
Nettstad www.7-days.biz
Medlemmer
Lewi Bergrud (vokal, gitar)
Geir Holten (slagverk)
Ronny Ødegård (tangentar)
Knut Bjørnar Asphol (gitar)
Tidlegare medlemmer
Knut Anders Sørum (vokal)

7 Days and a Miracle er ei norsk kristen pop/rock-gruppe frå Toten som starta opp i 1994. [1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Gruppa starta opp under namnet Expect a Miracle med medlemmene Knut Anders Sørum (vokal), Lewi Bergrud (vokal, gitar) og Geir Holten (slagverk). Dei debuterte med EP-en Follow You i 1996, [2] og følgde opp med studioplata Open Mind i 1999. [3]

Både stilen og namnet deira endra seg noko til oppfylgjaralbumet Approach You frå 2003. Dette gav dei ut under bandnamnet Expect. [4] Etter dette forlét vokalist Knut Anders Sørum bandet for å satsa meir på soloprosjekt. Eitt av desse vart å representera Noreg i Eurovision Song Contest 2004 med låta High. [5]

Dei gjenverande bandmedlemmene gjekk etter dette saman med Ronny Ødegård og Knut Bjørnar Asphol og danna 7 Days and a Miracle. [6] Plata med same namnet vart utgjeven på Master Music i 2006. Ein restaurert versjon av same plata kom i 2010. [7]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Follow You (EP, 1996)
  • Open Mind (1999)
  • Approach You (2003)
  • 7 Days and a Miracle (2006)

Referansar[endre | endre wikiteksten]