A-Lee

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
A-Lee
A-Lee 2013.jpg
Fødd 17. mai 1988
Gjøvik
Yrke songar, låtskrivar, musikar, rappar
A-Lee på Commons

A-Lee (fødd Ali Pirzad-Amoli17. mai 1988 på Gjøvik) er ein norsk-iransk artist som lagar musikk i grenselandet mellom pop, techno og rap. Han er oppvaksen på Årvoll i Oslo.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

A-Lee forsøkte seg tidleg som rappar og var med i duoen Cam 'N A-Lee saman med rapparen Cam'leon. 2005 vart eit gjennombrotsår for Cam 'N A-Lee, då dei vann by:Larm sin publikumspris og vart nominert til Årets Urørt med låta «What Do You Mean», saman med Chirag frå Karpe Diem. Gruppa hadde ein EP klar til utgjeving i 2006 (Schmokin' Skillz), men då bandet gjekk i oppløysing, vart ikkje EP-en utgjeven likevel. Brotet skjedde fordi A-Lee hadde skrive platekontrakt med Tee Productions. A-Lee gav likevel ikkje ut noko på Tee Productions og braut kontrakten etter to år. Seinare skreiv han ny kontrakt med Bonnier Amigo.

I 2009 gav han ut sin fyrste singel, «Bump Off», før oppfølgjarsingelen «World So Cold» med Marcus Only kom i 2010. Dette vart den fyrste suksesslåta for A-Lee, ho kom på 12. plass på VG-lista og vart spelt mykje på norsk radio. Same året platedebuterte A-Lee med rap-albumet Missing, som ikkje vart nokon stor publikumsfavoritt. Etter Missing har A-Lee gitt ut musikk som er i større grad inspirert av dance og techno. Dei siste åra har han fått store hits med crossover-singlar som «Hear the Crowd», «The One», «Feelgood» (med Elisabeth Carew) og «Over You». «The One» kom på ein sjuandeplass på VG-lista, og blei på lista i fire veker. [1] I tillegg vart «The One» den mest spelte låta i norsk radio i 2011, og «Hear the Crowd» kom på ein sjuandeplass. [2] I 2012 gav han ut sitt andre album, Forever LostSony Music, der alle dei nemnte singlane er med. Dagbladet gav albumet terningkast tre, med fylgjande grunngjeving: «...selv om «Forever Lost» er gjennomført i sin stilimitasjon, er det ikke til å komme unna at sjangeren automatisk gjør dette til en plate som er på høyde med det mest middelmådige fra utlandet.» [3]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

  • Missing (2010)
  • Forever Lost (2012)

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • «Bump Off» (2009)
  • «Baby Got Back» (2010)
  • «World So Cold» (2010) (med Marcus Only)
  • «The One» (2011)
  • «Hear The Crowd» (2011)
  • «Before My Eyes» (2011)
  • «Feelgood» (2012) (med Elisabeth Carew)
  • «Over You» (2012)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]