A.C. Reed

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
A.C. Reed

Reed i 1980
Fødd9. mai 1926(1926-05-09)
FødestadWardell i Missouri i USA
Død24. februar 2004 (77 år)
DødsstadChicago i Illinois i USA
FødenamnAaron Corthen
OpphavUSA
Aktiv1940åra til 2004
SjangerChicago blues, soul blues
InstrumentSaksofon
PlateselskapAlligator Records
Verka somSaksofonist

Aaron Corthen, betre kjend som A.C. Reed (9. mai 192624. februar 2004)[1] var ein amerikansk blues-saksofonist, nært knytt til Chicago blues-miljøet frå 1940-åra til 2000-åra.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Reed var fødd i Wardell i Missouri, og voks opp sør i Illinois. Han tok scenenamnet sitt frå venen Jimmy Reed.[2] Han flytta til Chicago under andre verdskrigen, og spelte med Earl Hooker og Willie Mabon i 1940-åra.[2] Han turnerte med Dennis «Long Man» Binder i 1956 og arbeidde mykje som sidemann for bluesselskapet til Mel London i 1960-åra, med Lillian Offitt og Ricky Allen, blant fleire. Han fekk ein populær singel i Chicago-området i 1961 med «This Little Voice», og spelt einn fleire andre singlar det neste tiåret for Age, USA, Cool og Nike Records.

Han vart medlem av bandet til Buddy Guy i 1967 og spelte med han på turneen hans i Afrika i 1969, og med Junior Wells varma han opp for Rolling Stones i 1970.[2] Han spelte med Guy fram til 1977. Han spelte så med Son Seals og Albert Collins seint i 1970- og i 1980-åra.[2] Han byrja å spele inn solomateriale for Alligator Records i 1980-åra.[2] Albumet hans I'm in the Wrong Business frå 1987 vart spelt inn med Stevie Ray Vaughan og Bonnie Raitt som gjesteartistar.[2]

Reed turnerte mykje i 1980- og 1990-åra med bandet sitt, The Spark Plugs, og spelte små konsertstader i USA. Han og The Sparkplugs spelte i Chicago før han døydde av kreft i 2004.[1]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Med Magic Sam

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 [1] Arkivert 6. oktober 2011 ved Wayback Machine.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 Russell, Tony (1997). The Blues: From Robert Johnson to Robert Cray]. Dubai: Carlton Books. s. 158. ISBN 1-85868-255-X.