Andreas Peter Bernstorff

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå A.P. Bernstorff)
Andreas Peter Bernstorff

Andreas Peter Bernstorff (28. august 173521. juni 1797) var ein dansk greve og statsmann, fødd i Hannover, brorson til Johan Hartvig Ernst Bernstorff. Utanriksminister Bernstorff var ein av dei fremste statsmennene i Danmark-Noreg.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Bernstorff var fødd i Hannover. Han studerte nasjonaløkonomi i Göttingen og Genève, og var elles på danningsreise i Italia, Frankrike, Nederland. I England let han seg imponere av jordbruket, noko som gjorde han til tilhengar av reformer i bondenæringa.

Frå 1759 hadde Bernstoff stilling ved Tyske Kancelli i København. Jamsides vart han i 1760 deputert i det vestindisk-guineiske Rente og Generaltoldkammer. Sidan var han også deputert i General-Landøkonomi- og Kommercekollegiet, i 1766 dessutan deputert i Rentekammeret. I tillegg vart han i 1767 medlem av Overskattedirektionen, eit slags finansdepartement. Bernstorff vart utnemnd til greive i 1767 og geheimeråd i 1769. Samtidig med at onkelen vart styrta i 1770, vart også han avsett.

Frå november 1772 var Bernstorff på ny i dansk statsteneste. Året etter tok han over utanriksministerposten og få månader seinare sjefsstillinga i Det tyske kanselli. Han førte vidare den utanrikspolitiske kursen til onkelen; arbeidde for å ha eit nært tilhøve til Russland for slik å hindre eit sterkt Sverige og det dansk-fiendslege kongehuset der. Såleis slutta han i 1773 forsvarsforbund og i 1780 nøytralitets-forbund med Russland.

Under den nordamerikanske fridomskrigen forma Bernstorff i 1778 dei nøytrale statane sitt folkerettslege krav på frihandel med alle varer som ikkje var krigs-kontrabande. Usemje mellom Bernstorff og fyrsteminister Ove Høegh-Guldberg førte til at Bernstorff vart avsett i november 1780.

Etter kronprins Frederik sitt statskupp i april 1784 vart Bernstorff utanriksminister på ny. Sidan var han fram til han døydde i 1797 i realiteten fyrsteminister i Danmark-Noreg. Denne perioden hadde han ei heilt avgjerande rolle i statsstyringa. Han fylgde ein mellomveg mellom Struensee sin reformiver og Guldbergs strengt konservative politikk. Såleis støtta han Reventlow og Colbjørnsen sine bondereformer som frigjorde bondestaden i 1787, og som førebudde opphevinga av livegenskapen i Holstein og Sydslesvig, fullbyrda 1804.

Forsvarsforbundet med Russland tvinga i 1788 Danmark til å yte tsaren hjelp i striden mot Sverige. Då England og Preussen truga Danmark, trekte Bernstorff meir enn gjerne den danske stønaden til Russland. Etter svenskekongen Gustav III døydde i 1792 nærma Bernstorff seg Sverige og slutta i 1794 nøytralitetsforbund med landet. Med stor styrke hevda han Danmark sin rett til å vere nøytralt under den store krigen mot den franske republikken, trass i at han mislikte revolusjons-valden.

Bernstorff verna om trykkefridomen og gjennomførte 1797 ein tolltariff, som med sitt frisinn kunne ha vore ei rettesnor for samtida. Han tok òg det fyrste steget mot frigjering av jødane og fekk i 1792 vedteke eit forbod mot slavehandel, ei lov som vart gjort gjeldande i 1803.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]