A/S Kristiania Elektriske Sporvei

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Trikker frå Skøyenlina på Drammensveien, dagens Henrik Ibsens gate i 1919.

A/S Kristiania Elektriske Sporvei (på folkemunne Blåtrikken) var eit privat aksjeselskap stifta i 1892, som dreiv sporvognsdrift i Oslo (dengang Kristiania). Offisiell opning av det som var den første elektriske sporvogna i Norden var 2. mars 1894, men kong Oscar II hadde ein prøvetur 26. februar. Vognhall og kraftstasjon låg på Majorstua, og selskapet hadde ei line derifrå til Jernbanetorget og ei frå Skarpsno til Jernbanetorget. Den siste lina blei gradvis forlenga til Skøyen (1903) og Lilleaker (1919). Det var også lagt ei line frå Majorstua over Frogner plass til Jernbanetorget.

Frå 1912 hadde selskapet eit tett samarbeide med konkurrenten Kristiania Sporveisselskab. Selskapa blei innløyst og slått saman til det kommunale aksjeselskapet A/S Kristiania Sporveier (frå 1925 A/S Oslo Sporveier) i 1924 då konsesjonane deira gjekk ut. I samband med innløysinga blei Lilleakerlina skilt ut som eit eige selska, A/S Bærumsbanen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]