ABC-øyane i Alaska

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 57°24′0″N 134°43′59″W

ABC-øyane i Alaska
øygruppe
Adis windfall harbor.jpg
Land Flag of the United States.svg USA
Stat Alaska
Del av Alexanderarkipelet
NWCoast1a.png

ABC-øyane er ei nemning for tre øyar utanfor søraustkysten av AlaskaAdmiralty, Baranof og Chichagof. Saman dannar dei ein stor del av Alexanderarkipelet. Dei er del av naturreservatet Tongass National Forest. Øyane er kjende for villmark og dyreliv, mellom anna ein særskild brunbjørnpopulasjon med ein del isbjørnavstamming.[1][2]

Øyane er blant dei ti største i USA - Chichagof den 5., Admiralty den 7. og Baranof den 10. største. Sentrum av Sitka ligg på vestkysten av Baranof. Bortsett frå denne busetnaden er det lite utbygging på øyane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Schoen, John W.; Gende, Scott (2016). «6 Brown Bear». I Smith, Melany. Ecological Atlas of Southeast Alaska (PDF). Audubon Alaska. s. 160–163. Henta 10. juni 2017. 
  2. By (26. mars 2013), «A Puzzling Island Population of Bears: Finally Cleared Up», The Evolution Institute (på engelsk), henta 28. desember 2018