ABC Startsida.no

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

ABC Startsida.no er ein av dei eldste og mest populære nettportalane i Noreg.[treng kjelde] Portalen vart oppretta i 1996 som ABC Startsiden.no. Per 22. desember 2005 var portalen, med 640 000 unike brukarar dagleg, mellom dei tre mest nytta norskspråklege nettstadaneverdsveven.

I si eiga filosofi-erklæring skriv ABC Startsida.no at dei skal tilby ei teneste med høg kvalitet, utan «design eller finesser som ikkje er naudsynte». Dei legg òg vekt på å ha ein fri redaksjon, og at innhaldet ikkje skal vere forma etter økonomiske interesser.

Frå å vere ein rein nettportal då sida vart lansert, har redaksjonen vorte utvida i fleire retningar. Mellom anna har ABC Startsida eit eige nyhendemagasin, ABC Nyheter (tidlegare kjend som Neste Klikk), ein chat-teneste, WAP-tenester og Blog-teneste, mellom mykje meir.

Selskapet, som er heileigd av Telenor er særs lønsamt, og har gått med overskot frå 1999 til 2006. Omsetnaden auka med om lag 70% frå 2004 til 2005.

Nynorsk[endre | endre wikiteksten]

Den 17. mai 2005 lanserte ABC Startsiden.no, i samarbeid med Noregs Mållag ein nynorsk tvillingportal til den opphavlege bokmålsportalen. Føremålet med lanseringa var at ABC Startsida.no skulle vere ein vegopnar for nynorsk innhald på internett. I pressemeldinga frå selskapet heitte det at «Startsiden gjer det VG og Dagbladet ikkje vil...». Dei to versjonane er heilt identiske med kvarandre i utforming og innhald.

Per mars 2006 har den nynorske portalen dagleg 5500 unike vitjarar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]