ABC Startsida.no
ABC Startsida.no er ein av dei eldste og mest populære nettportalane i Noreg.[treng kjelde] Portalen vart oppretta i 1996 som ABC Startsiden.no. Per 22. desember 2005 var portalen, med 640 000 unike brukarar dagleg, mellom dei tre mest nytta norskspråklege nettstadane på verdsveven.
I si eiga filosofi-erklæring skriv ABC Startsida.no at dei skal tilby ei teneste med høg kvalitet, utan «design eller finesser som ikkje er naudsynte». Dei legg òg vekt på å ha ein fri redaksjon, og at innhaldet ikkje skal vere forma etter økonomiske interesser.
Frå å vere ein rein nettportal då sida vart lansert, har redaksjonen vorte utvida i fleire retningar. Mellom anna har ABC Startsida eit eige nyhendemagasin, ABC Nyheter (tidlegare kjend som Neste Klikk), ein chat-teneste, WAP-tenester og Blog-teneste, mellom mykje meir.
Selskapet, som er heileigd av Telenor er særs lønsamt, og har gått med overskot frå 1999 til 2006. Omsetnaden auka med om lag 70% frå 2004 til 2005.
Nynorsk[endre | endre wikiteksten]
Den 17. mai 2005 lanserte ABC Startsiden.no, i samarbeid med Noregs Mållag ein nynorsk tvillingportal til den opphavlege bokmålsportalen. Føremålet med lanseringa var at ABC Startsida.no skulle vere ein vegopnar for nynorsk innhald på internett. I pressemeldinga frå selskapet heitte det at «Startsiden gjer det VG og Dagbladet ikkje vil...». Dei to versjonane er heilt identiske med kvarandre i utforming og innhald.
Per mars 2006 har den nynorske portalen dagleg 5500 unike vitjarar.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- LNK-nytt: 70 kommunar vel Startsida
- Propaganda: Startsida framom VG og Dagbladet
- Startsida.no: Om ABC Startsida
- Propaganda: Rekordtall for Startsiden (6. mars 2006)