ACIA-rapporten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

ACIA-rapporten eller Arctic Climate Impact Assessment er ein rapport basert på resultata av eit større forskingsprosjekt sett i verk av Arktisk Råd, som består av dei åtte landa Canada, Danmark, Finland, Island, Noreg, Russland, Sverige og USA. Føremålet med prosjektet var å vurdere og analysere konsekvensane klimaendringar kan ha for miljøet og samfunnet i Arktis. Om lag 250 forskarar deltok på prosjektet. Rapporten vart publisert hausten 2004 og konkluderte med at oppvarminga i Arktisk skjer langt raskare enn ein tidlegare hadde trudd. Ein meinte at det auka utsleppet av drivhusgassar frå menneskeleg aktivitet var årsaka til oppvarminga, og at oppvarminga på grunn av dette vil auke ytterlegare.

Rapporten konkluderte med at vintrane i Alaska, det vestlege Canada og sørlege Russland har vorte 3-4 ºC mildare dei siste 50 åra. Ein trur at temperaturen sentralt i Arktis vil auke med 4-5 ºC innan 2070. Sidan sjøisen i Arktis alt fly i sjøen, vil ikkje smeltinga av denne ha nokre konsekvensar for havnivået, men det vil eventuell smelting av innlandsisen på Grønland. Ein meiner at minste halvparten av sommarisen vil vere smelta innan 2100, og det vil vere med på å forsterke den globale oppvarminga, sidan is som har høg albedo vert erstatta av ei sjøflate som har låg albedo og dermed fangar opp meir solenergi. Mindre sjøis vil truleg opne ei skipslei mellom Stillehavet og Atlanterhavet i delar av sommarhalvåret, noko som kan vere til nytte for handel mellom dei to havområda.

Isbjørn og enkelte selartar er i fare for å verte utrydda sidan havet kan verte isfritt om sommaren. Nokre nordlege landpattedyr og hekkeplassar for fugl er òg trua, i tillegg til sild og torsk. Skogbeltet kan kome til å trekkje lenger nordover. Dette kan auke klimagassabsorpsjonen, men ikkje nok til å hindre oppvarminga.

Samfunnsmessig kan endringane vere ein trussel mot urfolkesetnaden i Arktis, som kan få vanskar med å skaffe seg mat. Infrastrukturen i området vil òg kome i fare på grunn av flaumar og erosjon etter kvart som havnivået stig og permafrosten misser taket.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«ACIA-rapporten» i Store norske leksikon, snl.no.