AISSat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå AISSat-1)
Gå til: navigering, søk

AISSAT-1 var den første norske statlege satellitten. Satellitten vart skoten opp frå Sriharikota nær Chennai i India den 11. juli i 2010. SAISSat-1 er ein liten nanosatelitt og måler berre 20*20*20cm. Satellitten er eigd av Norsk Romsenter medan Kystverket er den største brukaren. Satellitten inneheld mottakar for AIS-signal. AIS er eit antikollisjonssystem for skip over 300 tonn og sender kontinuerleg ut posisjonen til fartøyet. Dersom fartøya er langt frå land må ein nytte satellittbasert AIS for å kunne motta signala.

Satellitten går i polar bane i ei høgde av omtrent 600 km. Det betyr at den ofte dekker områda rundt polane. I juli 2014 vart AISSat-2 skoten opp. Denne satelitten er ein kopi av AISSat-1 [1] og skaper betre dekning og redudans i systemet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]